Hopp til hovedinnhold

Høyring: forslag til ny studieforskrift for Fagskulen Vestland

Styret for fagskulen har i møte 24. juni 2024 vedteke å sende forslag til ny studieforskrift for Fagskulen Vestland på høyring. 

Forslaget til ny studieforskrift regulerer alle forhold ved studia på fagskulen, frå organiseringa av studia, studierett, tilpassing av studia, rammene for undervisning og vurdering, til utforming av vitnemål. Studieforskrifta skal gjelde frå 01.01.2025, men vert sendt på høyring før den skal tre i kraft. Frå ikraftsetjinga vil nogjeldande forskrift 17. september 2021 nr. 3061 om studium ved Fagskulen Vestland opphevast. 

Høyringsprosess og frist

Forslaget til ny studieforskrift er utarbeidd for å sikre tydelegare retningsliner kring rettane og pliktane til studentane, samt kva krav som vert stilt til fagskulen. Ei forskrift skal omtale det lovverket den byggjer på, og gje meir utfyllande føresegner for korleis lova vert følgt opp i praksis.

For å sikre at vi får ei lokal forskrift som kan vere eit godt verktøy for oss, er det viktig med tilbakemeldingar frå høyringspartane. Høyringsfristen er sett til 06.10.2024, men fram mot høyringsfristen vil vi også gjennomføre avdelingsvise høyringsmøter ved fagskulen for å få direkte innspel og drøfte forskrifta med fagmiljøa.

Skriftlege høyringsinnspel kan sendast på e-post til Ingrid.fagerheim.settem@vlfk.no.

Merk e-post med: Høyring – studieforskrift.

Når høyringsinnspela er ferdig handsama vil det verte lagt fram ny sak til styret for handsaming før endeleg vedtak og ikraftsetjing. 

Høyringspartar

·       Alle tilsette ved Fagskulen Vestland

·       Organisasjonane (tillitsvalde) ved Fagskulen Vestland

·       Studentrådet ved Fagskulen Vestland

·       Organisasjon for Norske Fagskolestudenter (ONF)

·       HØY

·       Vestland fylkeskommune

 

Høyringsdokument

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland

Sak VS 07-24 Ny studieforskrift for Fagskulen Vestland