Hopp til hovedinnhold

Maskinteknikk med ISO-fag - Stord

Ein person ser ned på ei oljeplattform frå eit helikopter

Ei spennande utdanning innanfor eit fagområde med stor etterspurnad for fagskuleingeniørar.

Det er ikkje opptak i 2024.

Studiestad: Stord
Utdanningsform:
Samlingsbasert
Studiepoeng:
120

Som fagskuleingeniør med fordjuping i maskinteknikk med ISO-fag er du kvalifisert for stillingar som konstruktør, arbeidsleiar, driftsleiar, vedlikehaldsleiar eller til å starte eiga bedrift. Fullført studium kan også bli brukt i en Bachelorgrad ved enkelte høgskular.

Praktisk informasjon om utdanninga

Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. På studiestad Stord tilbyr vi eit toårig samlingsbasert heiltidsstudium. Da er det samling frå måndag til fredag kvar tredje veke, så kan ein jobbe ved sida av studia. Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.

 

Du kan søkje opptak på grunnlag av:

1:Fullført og greidd videregåande utdanning med relevant fagbrev.

Relevante fagbrev er:

Kran- og lyfteoperasjonsfaget
Målarfaget
CNC-maskineringsfaget
Industriell overflatebehandling
Industrimekanikarfaget
Industrimålarfaget
Industrisnekkerfaget
Industrisømfaget
Isolatørfaget
Maritim innredning
NDT-kontrollørfaget
Platearbeiderfaget
Produksjonsteknikkfaget
Stillasbyggjarfaget
Ventilasjons- og blikkenslagerfaget

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

2: Realkompetanse

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

3: Utdanning frå eit anna land

Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.