Hopp til hovedinnhold

Frå skulebenken til Nordsjøen

Til venstre ser vi studentar ved Fagskulen Vestland som deltok på fagdag for elkraftstudentar. Til høgre er tidlegare student Stian Campell Naevdal som gjekk rett i arbeid som ingeniør.

Fagskuleingeniørar er svært ettertrakta. Det er den klare beskjeden frå fleire store industriaktørar som besøkte elkraftstudentane ved Fagskulen Vestland i haust.

– Enkelte kan lure på om det er noko poeng i å søke på ein ingeniørjobb med «berre» to-årig fagskule. Og om dei får jobben, blir dei då sett på som ein annanrangs ingeniør? Eg tenkte litt slik sjølv, men svaret er nei, seier Stian Campell Naevdal.

Naevdal var ferdig utdanna fagskuleingeniør frå elkraftlinja våren 2023. I august samme år begynte han i ny jobb som ingeniør i Aibel.

Aibel er ein stor norsk aktør i offhoreindustrien. Konsernet har 5.000 tilsette og held til langs heile kysten. Aibel jobbar med design, bygging og vedlikehald av både landanlegg og plattformar, hovudsakleg for Equinor.

Fagskuleutdanning gir ingeniørjobb

På Aibel sine kontor på Kokstad sit Naevdal saman med folk med både bachelor- og mastergrad, men det er ikkje noko skilnad på kva arbeidsoppgåver dei har. Og sjefen, jo han har same bakgrunn som Naevdal har: Fagbrev og teknisk fagskule.

– Mi oppleving er at den praktiske forståinga som fagmann i kombinasjon med teknisk fagskule er høgt verdsett. Bedriftene er veldig interesserte i folk som har denne kombinasjonen. Det har eg merka sjølv, og eg har kontakt med fleire andre eg gjekk i klasse med som har fått tilsvarande stillingar, seier Naevdal.

Naevdal meiner at åra som elektrikar kjem godt med når han no sit som ingeniør og set saman arbeidspakkar som andre skal utføre.

– Når ein har gjort jobben sjølv er det kanskje lettare å sjå føre seg korleis dette skal føregå, noko som er ein fordel når ein skal skrive utstyrsliste og forklare arbeidsoppgåvene, seier Naevdal.

I Nordsjøen etter tre månader

Naevdal har opplevd å få mykje ansvar på kort tid. Allereie etter tre månader var han på befaring i Nordsjøen for å sjå at kart og terreng stemmer. Det er ikkje alt som er like lett å sjå på bilde og teikningar, noko må ein også få sjå med eigne auge.

Også her synest Naevdal at den praktisk-teoretisk tilnærminga frå fagskulen kom godt med. Han trur bakgrunnen gjer det lettare å manøvrere eit komplekst teknisk anlegg.

Å få jobbe med komplekse anlegg var også ein stor del av motivasjonen for å ta meir utdanning. Då han undersøkte moglegheitene og såg at han ville måtte bruke fire år på ein bachelorgrad, inkludert realfagskurs, var valet om to-årig teknisk fagskule lett. Han har ikkje angra.

– Jobbar ein godt med faga på fagskulen, så har ein eit like godt utgangspunkt som bachelor, seier Naevdal nøgd.

– Studentane våre ligg godt an!

Utdanningsleiar Suman Mishra er svært godt nøgd med fagdagen der Odfjell, Aibel, ABB, Helgevoll elektro og Kompetansesenteret for Robotteknologi på Osterøy heldt fagleg interessante presentasjonar, samtidig som dei gjorde seg lekre for framtidige arbeidstakarar.

Det var godt oppmøte med mange studentar og lærarar. Studentane fekk både pizza, fagleg påfyll, kontakt med potensielle arbeidsgjevarar og større tru på kvalifikasjonane dei får hos Fagskulen Vestland.

Dei tre som representerte ABB var også tidlegare studentar og kunne stadfeste at utdanning frå elektrolinja på Fagskulen Vestland opnar for mange karrieremoglegheiter

– Det var ekstra stas at tidlegare studentar kjem tilbake og fortel kva dei har gjort med kompetansen frå fagskulen. Dette er verdifull innsikt som strekar under betyninga av utdanningstilbodet vårt. Eg trur det vart ein augeopnar for mange om statusen som fagskuleingeniørar har. Bedriftene er ærlege på at praktisk erfaring og rett haldning er viktigare enn bachelor- eller mastergrad. Då ligg studentane våre godt an! seier Mishra.