Hopp til hovedinnhold

Ein smak av mild funk og kiwi

Bilde av eit glas med sider framfor utsikt til ein fruktgard i Ulvik.

Du har sikkert prøvd det sjølv. Å svinge vinglaset elegant med handleddet, for å frigjere luktene og sjå korleis vinen festar seg til glaset. Eller, i alle fall forsøkt å herme etter dei som kan slikt. Men har du prøvd med sider?

No tilbyr Fagskulen Vestland norsk pommelier-utdanning. Ein pommelier er siderens motstykke til vinens sommelier, ein som smakar og luktar seg fram til eit språk for kva som bur i sideren. 

– Sideren har enno ikkje fått eitt språk på same måte som vin. Sjølv om siderproduksjon har føregått lenge, er næringa som har vakse fram dei siste åra ganske ny. Det trengst meir kompetanse for å skildre produkta og kombinere ulike sidervariantar med ulike typar mat. Derfor er det veldig stor etterspurnad etter pommelierar, seier utdanningsleiar Andrid Solaas.

Etterspurnaden er så stor at Fagskulen har fått framskunde første kull, med søknad i haust og oppstart etter nyttår. Les meir om studiet og søk her!

Utvikla saman med næringa

Siderprodusentlaget, som no består av kring 30 medlemmar i Hardanger, har vore med på å forme utdanninga. Bransjeorganisasjonen Hanen, som mellom anna har utvikla nettsidene siderlandet.no og eit eige smakshjul for sider, har også vore viktige i arbeidet. Det same har Nibio sin forskingsstasjon på Lofthus, der dei mellom anna forskar på siderspråket.

– Norsk sider har god kvalitet – og den er det viktig å oppretthalde. Næringa seier dei treng profesjonelle folk som kan produkta, seier Solaas.

Ein treng ikkje å vere supersmakar for å komme inn, dette kan lærast. Interesserte med bakgrunn i restaurantfag og matfag, sal og sørvis, som har generell studiekompetanse eller realkompetanse, er alle velkomne til å søke. Studentane vil gjennom studieåret få kjennskap til produksjonsmåtar, ulike produkt og grunnleggande smakslære. Nokre smaksprøvar blir det nok også.

Norsk sider er unik

Fagskulen Vestland er først ute med ei slik utdanning i Norge. Det finst utdanningar i England, som også norske pommelierar har tatt, men det blir ikkje heilt det same:

– Den norske sideren er noko eige, og krev ein eigen kompetanse, seier Solaas.

Utdanninga er på 30 studiepoeng og tar eitt år å fullføre. Mykje skjer på nett, men det blir også nokre samlingar på studiestaden Hjeltnes i Ulvik – i Hardanger, sjølvsagt!

Ta kontakt med Fagskulen Vestland, ved utdanningsleiar Andrid Solaas på andrid.solaas@vlfk.no eller telefon 90 09 44 32, om du ønsker å få tilsendt informasjon.