Hopp til hovedinnhold

Ei utdanning for framtida

Ein eldre mann ser på blomar medan ei kvinne trillar han i rullestol.

Noreg får fleire eldre som treng god og tilpassa omsorg. Fagskulen Vestland har laga ei ny utdanning som skal gje helsepersonell gode verktøy i møte med demens og psykiske lidingar hos eldre.

– Det handlar om å ruste seg for framtida.

Det seier utdanningsleiar Mariann Hovland om Fagskulen Vestland sitt nye studium: Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre.

Det blir stadig fleire eldre i Noreg. Mange av desse vil få demens eller psykiske lidingar. I 2030 er det venta at heile 2,48 prosent av innbyggarane i Norge vil ha demens. Studentane skal tileigne seg kunnskap og verktøy for å kunne legge til rette for god livskvalitet for enkeltmenneske med ei rekke ulike behov og føresetnader.

– Dette er eit stort felt allereie i dag, og kjem berre til å bli endå større. Pasientgruppa er over alt, ikkje berre på sjukeheimar og i heimesjukepleie.  Kunnskap om pasientgruppa er viktig, og arbeidet har ei veldig breidde i seg, seier Hovland.

Trygg i jobben

Hos nokre menneske med demens kan vi også sjå periodar med utfordrande åtferd. Og som omsorgsgivar kan du bli utsett for vald truslar og krenkingar. Det same gjeld arbeidet med eldre med pysikske problem og lidingar, og som ikkje vil samarbeide.

Det nye studiet ser på årsakene til kvifor det blir slik, og korleis vi kan førebygge, møte og handtere utfordringane.

– Studiet gir verktøy og kompetanse som gjer deg trygg i jobben, og som hjelper deg å gje god personsentrert omsorg samtidig som du tar vare på deg sjølv, kollegaer og pårørande, seier Hovland.

Kompetansen er nyttig på alle nivå i helsetenesta og vil gje moglegheiter for nye ansvarsområde og arbeidsoppgåver. Undervisninga er lagt opp for at du skal kunne gå i arbeid samtidig, og praksis kan du ta på eigen arbeidsplass om denne er relevant for utdanninga.

Utvikle eigen praksis

– Målet med utdanninga er å lære seg miljøtilpassa og personsentrert omsorg, og ta kunnskapen i bruk i eigen praksis. Vi jobbar med situasjonar som studentane sjølv har opplevd og finn verktøy som gjer at vi lettare kan handtere liknande situasjonar, seier Marianne Moberg.

Med ei så praksisnær og situasjonsbasert utdanning er det viktig med erfaring.

Derfor er det også krav om minimum eitt års arbeidserfaring i halv stilling eller meir frå ein relevant arbeidsplass.

I praksisdelen handlar det om å ta med seg det ein har lært og ta det i bruk på ein arbeidsplass. Kunnskap om korleis ein tar i bruk nye arbeidsmetodar og utviklar eigenpraksis er ein viktig kompetanse i arbeidslivet.

Les meir om utdanninga her:Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre