Studiestad Voss
På Voss tilbyr Fagskulen Vestland utdanning innan anlegg. Avdelinga er samlokalisert med Voss vidaregåande skule på Skulestadmo.


Voss er kjend som aktivitetsbygda fremfor nokon. Her er ein omringa av spektakulær natur, og opplevingane står nærast i kø for den som er interessert. Anleggsutdanninga ved studiestad Voss er eit deltidsstudium som går over 3 år med 3 samlingsveker per semester. Skulen har gode fasilitetar og moderne, digitale klasserom tilpassa nettundervisning mellom samlingane. Undervisninga tek i stor grad utgangspunkt i tverrfaglege anleggsprosjekt der ein knyter teori og praksis saman. Faglærarane legg vekt på eit godt studiemiljø og god kontakt med studentane.
Utdanningar ved studiestad Voss: