Studiestad Stord
I Leirvik på Stord tilbyr Fagskulen Vestland tekniske utdanningar. Stord er ein liten by, men det er ein trygg stad å studere, og det er mykje som skjer både for deg som er kulturinteressert eller meir glad i friluftsliv og idrett.


På Stord står næringslivet sterkt, og særleg skil verkstadindustrien seg ut med sterk sysselsetting. Skipsbyggings- og oljeretta industri har leia næringsutviklinga. Den maritime sektoren på Stord er framoverlent og i verdstoppen når det gjeld utvikling av grøne, maritime løysingar. Fagskulen samarbeider tett med arbeidslivet slik at det er lett å bli integrert i det lokale og regionale næringslivet. - Det er kort vei til det faglege fellesskapet for studentane på Stord.
Utdanningar ved studiestad Stord: