Hopp til hovedinnhold

Studiestad Måløy

I Måløy tilbyr Fagskulen Vestland maritime og marine utdanningar. Vi er samlokalisert med Måløy vidaregåande skule, og Sikkerheitssenteret i Måløy. Samlokaliseringa sikrar at vi kan tilby eit sterkt fagleg miljø, med mykje maritim og marin kompetanse samla på ein stad.

Bildet viser studiestaden vår i Måløy
Bildet viser studiestaden vår i Måløy

Kystbyen Måløy ligg i Kinn kommune, i Nordfjord, nord i Vestland fylke. Måløy har eit stort, variert og kompetent næringsliv. Her er mange eksportbedrifter og ein mangfaldig industri. Fleire fiskerirelaterte bedrifter og skipsverft i området har gått saman og danna Måløy Maritime Group. Mange unge innovatørar og gründerar har starta bedrifter innan ny teknologi i området. Det satsast også på grønn energi og landbasert oppdrett.

 

Utdanningar ved studiestad Måløy:

Dekksoffiser på leiingsnivå

Maskinsoffiser på leiingsnivå

Leiing i havbruksoperasjonar