Robotteknologi
Industrien har behov for personell med praktisk kompetanse kombinert med teoretisk kunnskap.
- Varigheit:
- 3 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 120, Høgare fagskulegrad
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2025
- Studieplan:
- Studiestad:
- Bergen


Skaff deg kompetanse for framtida
Den raske endringa og digitaliseringa i samfunnet og industrien har skapt eit nytt behov for studier som kombinerer ei praktisk utdanning med ei relevant og oppdatert teoretisk påbygging. I tillegg blir digital endringskompetanse stadig viktigare.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Studiet fokuserer på ny teknologi som industrien ønskjar å ta i bruk. Hovedfokuset er på robotteknologi brukt saman med intelligente digitale løsningar i industrien. Smart sensorteknologi, skytjenester og datasikkerhet er andre fokusområder.
Etter studiet vil ein vere kvalifisert til å søke stillingar i følgjande bransjar: kjemisk-, mekanisk-, farmasøytisk- og næringsmiddelindustri samt oljeverksemd, logistikk og lagersystem.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er på 120 studiepoeng og går på deltid over tre år.
Gjennomføringsmodellen er slik:
- Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Nordnes.
- Tre vekesamlingar kvart semester
- Mellom samlingsvekene kan du forvente timeplanfesta rettleiing og lærarstyrte aktivitetar.
Vi forstår at du kan ha jobb, familie og andre forpliktingar. Utdanningane våre er derfor laga slik at dei er mogleg å gjennomføre ved sidan av andre livsroller. Har du utfordringar knytt til gjennomføring/aktivitetar, ta kontakt med faglærar så finn vi ei løysing. Vi fører ikkje fråvær, og obligatorisk oppmøte gjeld kun for arbeidskrav som laboratorieoppgåver, gruppepresentasjonar, eller deltaking i prøvar og eksamenar.
Opptak
Du kan søke opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
- Aluminiumskonstruksjonsfaget
- Anleggsmaskinmekanikerfaget
- Automatiseringsfaget
- CNC-maskineringsfaget
- Dataelektronikerfaget
- Dimensjonskontrollfaget
- Elektrikerfaget
- Elektroreparatørfaget
- Energimontørfaget
- Energioperatørfaget
- Finmekanikerfaget
- Grafisk produksjonsteknikk
- Heismontørfaget
- Industriell matproduksjon
- Industriell overflatebehandling
- Industrimekanikerfaget
- Industrimontørfaget
- Industrioppmålingsfaget
- Industrisnekkerfaget
- Industrisømfaget
- Industritekstilfaget trikotasje
- Industritekstilfaget veving
- Modellbyggerfaget
- Motormekanikerfaget
- NDT-kontrollørfaget
- Plastmekanikerfaget
- Platearbeiderfaget
- Polymerkomposittfaget
- Produksjonselektronikerfaget
- Produksjonsteknikkfaget
- Serigrafifaget
- Signalmontørfaget
- Støperifaget
- Sveisefaget
- Tavlemontørfaget
- Telekommunikasjonsmontørfaget
- Trykkerfaget
- Verktøymakerfaget
- Viklerfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Krav til maskinvare
Operativsystem |
Windows 10/11 |
Prosessorserie |
Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre |
Grafikkort |
- |
Minne (RAM) |
8GB eller meir |
Lagringsplass (SSD) |
128GB eller meir |
Skjerm |
FullHD 13” eller større |
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no