Hopp til hovedinnhold

Prosessteknikk

I store delar av industrien, både landbasert og offshore, er behovet for fagskuleingeniørar med prosessfagleg kompetanse stort.

Varigheit:
3 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studieplan:
Studiestad:
Bergen
Ein mann i ein kjemilabb
Ein mann i ein kjemilabb

Skaff deg kompetanse for framtida

Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleingeniør frå kjemi/prosess er i første rekkje innan prosessindustri, kjemi- og næringsmiddelindustri på land og offshore. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor. Fagskuleingeniørar med fordjuping i prosess er kvalifisert for stillingar som førstelinjeleiarar, arbeidsleiarar, drifts assistentar, skiftleiare, tekniske assistentar, vedlikehaldsleiar og inspektør.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. Fagskulen tilbyr eit treårig nettbasert studium i fordjuping prosessteknikk ved studiestad Nordnes.
For nettbasert studium blir det 6 vekesamlingar kvart skuleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • automatiseringsfaget
    • boreoperatørfaget
    • brønnfaget, elektriske kabeloperasjonar
    • brønnfaget, havbunnsinstallasjonar
    • brønnfaget, komplettering
    • brønnfaget, kveilerøroperasjonar
    • brønnfaget, mekaniske kabeloperasjonar
    • brønnfaget, sementering
    • elektrikarfaget
    • energioperatørfaget
    • gjenvinningsfaget
    • grafisk produksjonsteknikk
    • industriell matproduksjon
    • industriell overflatebehandling
    • industriell skotøyproduksjon
    • industrimekanikarfaget
    • industrimontørfaget
    • industrimålarfaget
    • industrirøyrleggjarfaget
    • industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling
    • industritekstilfaget, fiskeredskap
    • industritekstilfaget, garnframstilling
    • industritekstilfaget, trikotasje
    • industritekstilfaget, veving
    • kjemiprosessfaget
    • kran- og løfteoperasjonsfaget
    • laboratoriefaget
    • NDT-kontrollørfaget
    • platearbeidarfaget
    • polymerkomposittfaget
    • produksjonsteknikkfaget
    • støperifaget
    • sveisefaget
    • tekstilrensfaget
    • termoplastfaget
    • trykkerfaget
    • vaskerifaget
  • realkompetanse

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

-

Minne (RAM)

8GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

128GB eller meir

Skjerm

FullHD 13” eller større

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no