![Ein mann ser ned på ei oljeplattform frå eit helikopter](/contentassets/9e073022aa664e1794a685f3d984c86c/maskin-med-iso-bildet.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
![Ein mann ser ned på ei oljeplattform frå eit helikopter](/contentassets/9e073022aa664e1794a685f3d984c86c/maskin-med-iso-bildet.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
Skaff deg kompetanse for framtida
Som fagskuleingeniør med fordjuping i maskinteknikk med ISO-fag er du kvalifisert for stillingar som konstruktør, arbeidsleiar, driftsleiar, vedlikehaldsleiar eller til å starte eiga bedrift. Fullført studium kan også bli brukt i en Bachelorgrad ved enkelte høgskular.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. På studiestad Stord tilbyr vi eit toårig samlingsbasert heiltidsstudium. Da er det samling frå måndag til fredag kvar tredje veke, så kan ein jobbe ved sida av studia. Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.
Opptak
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
Fullført og greidd videregåande utdanning med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
Kran- og lyfteoperasjonsfaget
Målarfaget
CNC-maskineringsfaget
Industriell overflatebehandling
Industrimekanikarfaget
Industrimålarfaget
Industrisnekkerfaget
Industrisømfaget
Isolatørfaget
Maritim innredning
NDT-kontrollørfaget
Platearbeiderfaget
Produksjonsteknikkfaget
Stillasbyggjarfaget
Ventilasjons- og blikkenslagerfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Krav til maskinvare
Operativsystem |
Windows 10/11 |
Prosessorserie |
Intel i7 Gen8 eller AMD Ryzen 7 Gen2 eller bedre |
Grafikkort |
4GB med 106GB/s båndbredde og DirectX 11 eller bedre |
Minne (RAM) |
16GB eller meir |
Lagringsplass (SSD) |
256GB eller meir |
Skjerm |
FullHD 15” eller større |
Nedenfor er PC-krav til AutoCAD Inventor og Mechanical 2019:
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no