Hopp til hovedinnhold

Maskinteknikk

Maskinteknikk er ei spennande utdanning innanfor eit fagområde med stor etterspurnad for fagskuleingeniørar.

Varigheit:
3 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studiestad:
Førde
Ein student ser på ei maskin
Ein student ser på ei maskin

Få kompetanse for framtida

Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk. Etter fullført studium vil ein vere i stand til å kunne planleggje, leie og kontrollere båe eigne og andre sine arbeidsoppgåver.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått mekanisk linje (TIP) på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike mekaniske fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse.

Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Dette utdanninga gir 120 studiepoeng. Utdanninga er på deltid over tre år. 120 studiepoeng svarar til eit toårig heiltidsstudium.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
- Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.

- Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • anleggsrørleggerfaget
    • automatiseringsfaget
    • bokbinderfaget
    • boreopratørfaget
    • brønnfaget, elektrisk kabeloperasjoner
    • brønnfaget, havbunnsinstallasjoner
    • brønnfaget, kveilerøroperasjoner
    • brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner
    • brønnfaget, sementering
    • gjørlarfaget
    • fjernstyrte undervannsoperasjoner
    • matrosfaget
    • røyrleggerfaget
    • smedfaget
    • ventailasjon- og blekkslagarfaget
    • gjenvinningsfaget
    • grafisk produksjonsteknikk
    • industrisømfaget
    • industrisnekkerfaget
    • kjemiprosessfaget
    • laboratoriefaget
    • modellbyggjarfaget
    • truck- og liftmekanikerfagbrev
    • logistikkfaget
    • aluminiumskonstruksjonsfagbrevet
    • anleggsmaskinmekanikerfagbrevet
    • bilfag, lett kjøretøy
    • bilfag, tungt kjøretøy
    • billakkerarfaget
    • bilskadefaget
    • chassispåbyggjarfaget
    • CNC-maskineringsfaget
    • dimensjonsjonskontollfaget
    • finmekanikarfaget
    • hjulutrustningsfaget
    • industriell overflatebehandling
    • industrimekanikerfaget
    • industrimontørfaget
    • industrioppmålingsfaget
    • industrirøyleggjarfaget
    • komposittbåtbyggjarfaget
    • kran og – løfteoprasjonsfaget
    • landbruksmaskinmekanikerfaget
    • låsesmedfaget
    • maritim innredning
    • motormannfaget
    • motormekanikerfaget
    • motorsykkelfaget
    • NDT-kontrollørfaget
    • plastmekanikerfaget
    • platearbeiderfaget
    • polymerkomposittfaget
    • produksjonsteknikkfaget
    • reservedelsfaget
    • støyperifaget
    • sveiserfaget
    • termoplastfaget
    • verktøymakarfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i7 Gen8 eller AMD Ryzen 7 Gen2 eller bedre

Grafikkort

4GB med 106GB/s båndbredde og DirectX 11 eller bedre

Minne (RAM)

16GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

256GB eller meir

Skjerm

FullHD 15” eller større

 

Nedenfor er PC-krav til AutoCAD Inventor og Mechanical 2019:

Autodesk Inventor

Autodesk AutoCAD Mechanical

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no