Industriell isolering
Denne utdanninga gir deg fagleg fordjuping innan isolering, inspeksjon og vedlikehald av isolerte røyr ved eit prosessanlegg. Studiet legg stor vekt på den praktiske tilnærminga til arbeidet (inspeksjonsrolla).
- Varigheit:
- 1 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 30, Halvårsutdanning
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2025
- Studiestad:
- Stord


Ettertrakta kompetanse
Leverandørindustrien i Noreg er i omstilling. På den eine sida er det ei omfattande utvikling og rask implementering av ny teknologi, særleg innan nye digitale løysingar. På den andre sida ser ein at nye kompetansekrav frå næringslivet krev at den enkelte bedrift må dokumentere kompetanse for sine tilsette på ein annan måte enn tidlegare. Utan dokumentert kompetanse blant dei tilsette vil bedrifter ofte tape konkurransen om attraktive arbeidsoppdrag.
I dei seinare åra har ein har erfart at kompetansen innanfor arbeid knytt til isolerte prosessrør og arkitektarbeidet (veggar, golv og tak) er minkande og det har blitt vanskelegare å få tak i personell med denne faglege kunnskapen. I skulesamanheng finst det relativt lite spesialisering innan dette fagområdet, både på vidaregåande, fagskule og høgskule og universitetsnivå.
Utdanninga innan industriell isolering er med på å legge til rette for auka verdiskaping i Noreg og vedlikehald av eksisterande verdiar. Studiet skal vere med på å dekke næringa sine behov for kunnskap hos fagarbeidarar som arbeider med isolasjon i ISO faget i Noreg.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Utdanninga utvikla i samarbeid med næringslivet i Sunnhordland, med ønske om å auke fagarbeidaren sin kunnskap, ferdigheiter og kompetanse.
Modulen er bygd opp rundt teori og praktiske periodar i felt, der teorien vert sett ut i praksis. Studentane skal få ei forståing av isolasjon av røyrsystem, struktur, HVAC og innreiing. Temaa isolering, arkitektur, overflatebehandling og korrosjon vil bli sett i samanheng med objekta si levetid.
Kombinasjonen av ny teknologi, nye marknadar og nye organisasjonsformer med nye roller og fleksibel bruk av personell, vil også krevje påfyll av kompetanse. Korte fagskuleutdanningar som denne vil vere eit viktig bidrag til å gi fagarbeidarar både djupne- og breiddekompetanse til å kunne fylle rollene i leverandørindustrien sin framtidige produksjon.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- Anleggsrørleggerfaget
- Byggdrifterfaget
- Brannforebygger
- Isolatørfaget
- Isolatørfaget
- Malerfaget
- Murer- og flisleggerfaget
- Maler- og overflateteknikkfaget
- Rørleggerfaget
- Stillasbyggerfaget
- Stillasbyggerfaget
- Tømrerfaget
- Ventilasjons- og blikkenslagerfaget
- Aluminiumskonstruksjonsfaget
- Finmekanikerfaget
- Industrimekanikerfaget
- Industrimontørfaget
- Industrioppmålingsfaget
- Industriell overflatebehandling
- Industrirørleggerfaget
- Industrisømfaget
- Industrisnekkerfaget
- Industritapetsererfaget
- Industritekstilfaget
- Kjemiprosessfaget
- Laboratoriefaget
- Motormekanikerfaget
- Motormannfaget
- NDT-kontrollørfaget
- Platearbeiderfaget
- Sveisefaget
-
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no