Hopp til hovedinnhold

Maskinoffiser på leiingsnivå

Utdanning til maskinoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste maskinoffisersertifikat (M1) etter gjeldande krav.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Heiltid, stadbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studiestad:
Bergen / Måløy
Bilde viser tre studentar som i eit maskinrom
Bilde viser tre studentar som i eit maskinrom

Maskinoffiser

Studiet er på 120 studiepoeng, og er ei fulltidsutdanning over 2 år. Bestått eksamen gir deg nødvendig kunnskap til å løyse sertifikat som maskinist, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som blir kravd for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet). Ved studiestad Måløy er det mogleg å avslutte utdanninga etter eitt år, med kompetansen som blir kravd for å løyse det lågaste sertifikatetet som maskinoffiser (M4) etter gjeldande krav.

Sjøfartsdirektoratet

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak er:

  1. fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som motormann/skipsmotormekanikar 
  2. Gyldig grunnleggende sikkerhetskurs 
 
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.

Du må dokumentere:

  • Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.

    • For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 36 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.

     

  • All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

-

Minne (RAM)

8GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

128GB eller meir

Skjerm

FullHD 13” eller større

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no