Hopp til hovedinnhold

Dekksoffiser på leiingsnivå

Utdanning til dekksoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste sertifikat som dekksoffiser (D1) etter gjeldande krav.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Heiltid, stadbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studiestad:
Austevoll / Bergen / Måløy
Bilde viser to studentar i ein simulator.
Bilde viser to studentar i ein simulator.

Dekksoffiser

Studiet er på 120 studiepoeng, og er ei fulltidsutdanning over 2 år. Bestått eksamen gir deg nødvendig kunnskap til å løyse sertifikat som styrmann/kaptein, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som blir kravd for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet). Ved studiestad Måløy er det mogleg å avslutte utdanninga etter eitt år, med kompetansen som blir kravd for å løyse det lågaste sertifikatet som dekksoffiser (D4) etter gjeldande krav.

 

Opptak

Alle søkarar må ha bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring IMO 60.

Du kan søke studieplass på grunnlag av:

fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
fiske og fangst
matrosfaget


Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. 

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (matros eller fiske og fangst). Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), teknisk planlegging, logistikk, eller sjøfart.


For opptak til dekksoffiserutdanningen må den relevante yrkespraksisen bestå av minimum 36 måneder relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy (fiskebåt over 10,67 meter, eller andre fartøy over 15 meter).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

-

Minne (RAM)

8GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

128GB eller meir

Skjerm

FullHD 13” eller større

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no