Pommelier
Stadig fleire lagar – og kjøper – norsk sider. No har sidernæringa stort behov for fagfolk som kan jobbe med skildring, klassifisering og bruk av sider. Bli siderens versjon av sommelier: Pommelier.
- Varigheit:
- 1 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 30, Halvårsutdanning
- Neste oppstart:
- Utdanninga har ikkje oppstart hausten 2024
- Studieplan:
- Studiestad:
- Hjeltnes
![Glas med sider](/contentassets/59affd6588fd4b64b4c6d53187d494b8/sider.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
![Glas med sider](/contentassets/59affd6588fd4b64b4c6d53187d494b8/sider.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
Ein smak av mild funk og kiwi
Som pommelier-studentar må vi lære å smake. Sensorikk, altså korleis ein skal lukte og smake på sider for å beskrive luktene og smakane korrekt ut frå stil, metode og kvalitet, er derfor hovuddelen av studiet.
På pommelier-studiet vil du få lære kva sider er, og sideren si historie og kultur både nasjonalt og globalt. Sidertypar, siderstilar, siderkultur og ulike klassifiseringssystem for sider er noko av det vi skal innom. I tillegg vil du få kunnskap om eplesortane, dyrkingsmetodane og korleis natur og landskap set smak på produkta (terroir). Vi ser også på korleis gjæring og prosessmetodar er avgjerande for kvaliteten og eigenskapane til det ferdige produktet.
For pommelieren vil sider i kombinasjon med mat vere eitt av kjerneområda. Mot slutten av studiet vild et derfor bli fokusert på paring av mat med sider. Sjølve måltidsopplevinga har ei si sentral rolle, der pommelieren må kunne reflektere rundt vertskap og formidling til gjester.
Utdanninga vil ha i seg relevante tema som er viktig i yrkessamanheng, slik som verdiskaping. Under dette kjem tema som fagrelevant økonomistyring og marknad, samt relevant lovverk for yrkesutøvinga.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Etter gjennomført studie skal studentane kunne gruppere og skildre ulike typar sider, samt kunne pare sider og mat.
Kompetansen er eigna for bruk i serveringsbransjen og til å gjennomføre sidersmakingar og som smaksdommar ved siderdømmingar. Kompetansen er også aktuell for tilsette innan siderproduksjon, vinmonopolet og tilsvarande.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Utdanninga er på 30 studiepoeng, noko som svarar til eit halvt år på fulltid. Studiet vårt går over eitt år på deltid og er nettbasert med samlingar.
Det blir seks samlingar som kvar går over tre dagar, i tillegg blir det nettundervisning på måndagar mellom samlingane. Samlingane blir stort sett måndag – onsdag, eller tysdag – torsdag, og vil innehalde praktiske smakingar, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.
Samlingsvekene blir 7, 14 og 21 for vårsemesteret og 36, 42 og 47 for haustsemesteret.
Det blir undervist i tre emne og kvart emne består av 10 studiepoeng. Pomologi og produksjon har undervisning i både første og andre semester. Pommelieren 1 har undervisning første semester, medan Pommelieren 2 har undervisning i andre semester.
Det er avsluttande eksamen etter siste samling for kvart av emna.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
- Restaurant- og matfag (kokk, institusjonskokk, servitør)
- Sal, service og reiseliv (reiselivsmedarbedar, salsmedarbeidar)
- Naturbruk (agronom, gartnar)
-
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no