Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi
Hovudmålet er at utdanninga skal vere framtidsretta med hovudvekt på teori i praksis. Studentane skal etter avslutta utdanning forvalte eigne landbruksføretak eller kunne gi gode råd etter næringa og samfunnets behov.
- Varigheit:
- 2 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 60, Fagskulegrad
- Neste oppstart:
- Ikkje opptak i 2025
- Studieplan:
- Studiestad:
- Førde
![Studentar i fjøs.](/siteassets/studenter-underviser-i-fjos2.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
![Studentar i fjøs.](/siteassets/studenter-underviser-i-fjos2.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
Landbruket endrar seg
Norske bønder har vore raske med å ta i bruk ny teknologi for å optimalisere eigen produksjon. Teknologiutviklinga, med blant anna nye maskiner, traktorar, driftsbygningar og automatisering, har fremja produktivitet og effektivisert arbeidet.
Etter gjennomført utdanning skal du kunne etablere og drive eit eige landbruksføretak med hovudvekt på mjølkeproduksjon i robotfjøs. Du skal også kunne:
- nytte deg av, og vurdere, ulike planar og styringsverktøy for utvikling av landbruksføretaket ut i frå bedriftsøkonomiske og agronomiske vurderingar.
- nytte moderne robotteknologi i lausdriftsfjøs, både i ein planleggingsfase, under etablering og i den daglege drifta.
- nytte presisjonslandbruk i fôrdyrking.
- kommunisere og vidareformidle faglege råd innan for mjølkeproduksjon i robotfjøs.
Oppbygging og arbeidsmåtar
«Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi» gir 60 studiepoeng, tilsvarande eitt år heiltidsstudium.
Vi vil gjennomføre fagskuletilbodet som eit samlingsbasert deltidsstudium som vil gå over to skuleår/fire semester. Studietilbodet er delt opp i fire hovudemne.
Utdanninga passar til dømes for noverande og framtidige mjølkebønder, tilsette i leverandørindustrien og rådgjevarar innan for moderne mjølkeproduksjon.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført vidaregåande utdanning i naturbruk
- landbruk
- gartnar
- studieførebuande naturbruk
- fagbrev
- landbruk
- akvakulturfaget
- anleggsgartnerfaget
- fiske og fangst
- gartnerfaget
- hovslagarfaget
- hestefaget
- idrettsanleggsfaget
- reindriftsfaget
- skogfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Krav til maskinvare
Operativsystem |
Windows 10/11 |
Prosessorserie |
Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre |
Grafikkort |
- |
Minne (RAM) |
8GB eller meir |
Lagringsplass (SSD) |
128GB eller meir |
Skjerm |
FullHD 13” eller større |
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no