Lokal matkultur
Interessa for lokal mat aukar, både innan næringa og hos forbrukarane. Denne utdanninga er for deg som vil ha heilskapleg komeptanse om den lokale gastronomien.
- Varigheit:
- 3 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 120, Høgare fagskulegrad
- Neste oppstart:
- Ikkje opptak i 2025
- Studieplan:
- Studiestad:
- Hjeltnes
Lokal gastronomi
Kjerna i utdanninga er kunnskap om matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjon. Du får opplæring i lokal matkultur og brei kunnskap om kulturarven til det nordiske kjøkkenet.
Utdanninga passar spesielt godt for deg som er interessert i matfag og som vil ha meir formell kompetanse.
Etter ferdig utdanning skal du ha eit godt grunnlag for å etablere og drive ei berekraftig matbedrift, ha leiande stillingar for serveringsstader, produksjonsbedrifter, reiselivsbedrifter eller daglegvarebransjen.
Andre aktuelle arbeidsfelt kan vere innan matfagleg rådgjevingsteneste, varedistribusjon, matjournalistikk eller som lærar innan matfag.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Utdanninga er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på fulltid. Lokal matkultur er eit deltidsbasert nettstudie som går over 3 skuleår. Det blir 6 samlingar kvart skuleår, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane og 4 veker praksis. Samlingsvekene på skule er mandag – torsdag og vil innehalde praksis, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- bakar
- butikkslaktar
- industriell matproduksjon
- institusjonskokk
- kjøttskjærar
- kokk
- konditor
- pølsemakar
- servitør
- sjømathandlar
- sjømatproduksjon
- slaktar
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Krav til maskinvare
Operativsystem |
Windows 10/11 |
Prosessorserie |
Intel i3 Gen8 eller AMD Ryzen 3 Gen2 eller bedre |
Grafikkort |
- |
Minne (RAM) |
4GB eller meir |
Lagringsplass (SSD) |
128GB eller meir |
Skjerm |
FullHD 13” eller større |
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no