Hopp til hovedinnhold

Frukt og bær

Norsk frukt- og bærproduksjon har ei god utvikling, og lokal berekraftig produksjon er med på å auke moglegheitene for produsentane. Kunnskap er viktig, inkludert kompetanse innan produktutvikling, kvalitet, økonomi, emballering og kjedekunnskap.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
60, Fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
22. oktober 2024
Studieplan:
Epleblomar
Epleblomar

Blomstrande næring

I fruktnæringa er og most og sider viktige produksjonar og er tatt med som eitt av tre fordjupingsemne i denne utdanninga.

Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom Fagskolen Innlandet, Fagskulen Vestland og Nome vidaregående skule. Utdanninga blir gjennomført på desse studiestadane: 

  • Fagskulen Vestland, avd Hjeltnes
  • Studiestad Søve 

Oppbygging og arbeidsmåtar

Utdanninga er utvikla i samarbeid med aktuelle næringsorganisasjonar og fagpersonar for å sikre nærheit til landbrukets behov.

Det er viktig at utdanninga er relevant for den enkelte student. TIlbodet er  derfor er bygd opp med valbare emne.

Fellesemne: 

  • Planteproduksjon (8 studiepoeng)
  • Marknad, kommunikasjon og verdiskaping (12 studiepoeng)
  • Klima, miljø og energi (5 studiepoeng)
  • Driftsleiing og økonomi (10 studiepoeng)
  • Vidareforedling av frukt og bær (5 studiepoeng)

Fordjupingsemne: 

  • Fruktdyrking (20 studiepoeng)
  • Bærdyrking (20 studiepoeng)
  • Most- og siderproduksjon (20 studiepoeng)

Opptak

Fagskolen Innlandet står for opptak til utdanninga. Sjå meir om opptakskrav i studieplanen.

Frukt og bær | Opptakskrav

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no