Hopp til hovedinnhold

Arborist

Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er aukande. Fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen i anbod på vedlikehald av tre/grøntanlegg.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Deltid, samlingsbasert
Studiepoeng:
60, Fagskulegrad
Neste oppstart:
Ikkje oppstart i 2025
Studiestad:
Hjeltnes
Studentar som arbeider i eit tre.
Studentar som arbeider i eit tre.

Nå nye høgder

Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig.

 

Oppbygging og arbeidsmåtar

Arboristutdanninga er ei deltidsutdanning over 2 skuleår (60 studiepoeng). Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skole, prøvar/ testar og praksisdagar. Skolen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Noreg. 

Det er ti samlingar i året, om lag ei veke i månanden. Dei fleste er lagt til studiestad Hjeltnes, men nokre samlingar blir også lagt til andre stader.

I tillegg til opplæring på skulen, må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis i bedrift, det andre året 7 veker praksis. Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift. 

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført vidaregåande utdanning i naturbruk
    • landbruk
    • gartnar
    • studieførebuande naturbruk
  • fagbrev
    • anleggsgartnar
    • skogfaget
  • realkompetanse

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8, AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

-

Minne (RAM)

4GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

128GB eller meir

Skjerm

FullHD 13” eller større

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no