Industriell automasjon
Automasjon og robotteknologi får ein større og større plass i industrien. Hos oss får du kompetansen du treng til å bidra aktivt i denne spennande utviklinga, og hjelpe bedrifter til å arbeide meir effektivt, miljøvenleg og lønsamt.
- Varigheit:
- 3 år, deltid
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 120, Høgare fagskulegrad
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2025
- Studieplan:
- Studiestad:
- Bergen
Ei utdanning for framtida
Utdanninga er tilpassa dei skiftande krava i industri-, offshore- og IT-sektoren. Du får tilgang til moderne utstyr og undervisning frå høgt kvalifiserte lærarar. Vi tar i bruk teknologiske nyvinningar i undervisininga, slik får du få oppdatert kompetanse som er attraktivt for potensielle arbeidsgjevarar. Utdanninga er med andre ord forankra i praktisk erfaring, relevant for arbeidslivet, og gir deg kompetanse som møter næringslivet sine behov.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Reguleringteknikk, styringsteknikk med PLS, robotteknologi, instrumentering og industriell nettverkstryggleik står sentralt i utdanninga. Målet er å gje ei utdanning som samfunnet har behov for.
Industrien har stort behov for fagpersonar med kompetanse innan automatisering, både på land og offshore. Aktuelle arbeidsoppgåver er alt frå drift, service og vedlikehald til systemutvikling og prosjektplanlegging.
Saman med pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga også til å arbeide som faglærar i vidaregåande opplæring.
Vi arrangerer fagdagar på skulen og besøker bedrifter som gir innsikt i aktuelle problemstillingar i arbeidslivet. Slik sikrar vi studentane har nær kontakt med både utviklinga på fagfeltet, samt potensielle arbeidsgjevarar.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng.
Gjennomføringsmodellen er slik:
- Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Nordnes.
- Tre vekesamlingar kvart semester
- Mellom samlingsvekene kan du forvente timeplanfesta rettleiing og lærarstyrte aktivitetar.
Vi forstår at du kan ha jobb, familie og andre forpliktingar. Studia våre er derfor laga slik at dei er mogleg å gjennomføre ved sidan av andre livsroller. Vi fører ikkje fråvær, og obligatorisk oppmøte gjeld kun for arbeidskrav som laboratorieoppgåver, gruppepresentasjonar, eller deltaking i prøvar og eksamenar.
Studiemodellen er fleksibel, med moglegheit til å bytte studieretning eller velje emne frå andre studieretningar. Slik kan du få ein breiare og meir tverrfagleg kompetanse.
Fagskulen Vestland har ein 2+2-avtale med Høgskulen på Vestlandet (HVL) for dette studiet. Avtalen gir rett til fritak for emne tilsvarande eitt år, eller 60 studiepoeng, ved HVL, dersom du har fullført toårig fagskoleutdanning i automatisering ved studiestad Nordnes.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- avionikerfaget
- CNC maskineringsfaget
- dataelektronikarfaget
- elektrikarfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjonar
- flymotormekanikarfaget
- flystrukturmekanikarfaget
- flysystemmekanikarfaget
- heismontørfaget
- industrimekanikar
- industrirøyrleggjarfaget
- industrisaumfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- låsesmedfaget
- maritim elektrikarfaget
- produksjonselektronikar
- romteknologi
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontør
- togelektrikarfaget
- ventilasjonsteknikkfaget
- viklarfaget
- viklar- og transformatormontørfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no