Hopp til hovedinnhold

Elkraft

Som fagskuleingeniør innan elkraft bidreg du til at elektriske kraftsystem fungerer, frå energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Heiltid, stadbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studieplan:
Studiestad:
Stord
Bildet viser ein student som arbeider med ulike leidningar
Bildet viser ein student som arbeider med ulike leidningar

Kompetanse for framtida

Noreg som energinasjon har lange tradisjonar innan produksjon og forbruk av elektrisk kraft basert på vasskraft. Det vil seie at ei utdanning innan elkraft er ei utdanning innan eit fagområde som har ein dominerande posisjon både nasjonalt og internasjonalt. Alt frå den daglege drift og vedlikehald av elektriske anlegg til utvikling og forsking på dette fagområdet har i alle år inngått i kvardagen til ein elkraftteknikar.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Utdanninga gir gode jobbmoglegheiter innan elektroteknisk industri og prosessindustri. Som fagskuleingeniør innan elkraft er ein kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som for eksempel installasjonsbedrifter, energiverk og elektroteknisk rådgjeving. Vidare kvalifiserer utdanninga også for arbeid innan handel og for stillingar som konstruktør, planleggjar, serviceteknikar og faglærar i den vidaregåande skulen.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. På studiestad Stord tilbyr vi et toårig samlingsbasert heiltidsstudium. Da er det samling frå måndag til fredag kvar tredje veke, så kan ein jobbe ved sida av studiane. Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • automatiseringsfaget
    • avionikerfaget
    • dataelektronikarfaget
    • elektrikarfaget
    • elektroreparatørfaget
    • energimontørfaget
    • energioperatørfaget
    • fjernstyrte undervannsoperasjonar
    • flymotormekanikarfaget
    • flystrukturmekaninkarfaget
    • flysystemmekanikarfaget
    • heismontørfaget
    • kulde- og varmepumpemontørfaget
    • låsesmedfaget
    • maritim elektrikarfaget (Vg4)
    • produksjonselektronikarfaget
    • romteknologifaget
    • signalmontørfaget
    • tavlemontørfaget
    • telekommunikasjonsmontørfaget
    • togelektrikarfaget
    • ventilasjonsteknikkfaget
    • viklarfaget
    • viklar- og transformatormontørfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

4GB med 106GB/s båndbredde og DirectX 11 eller bedre

Minne (RAM)

16GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

512GB eller meir

Skjerm

FullHD 15” eller større

 

Nedenfor er PC-krav til AutoCAD Mechanical/Electrical, Revit, Inventor og Archicad:

Autodesk AutoCAD Mechanical
Autodesk AutoCAD Electrical
Autodesk Inventor
Autodesk Revit
Graphisoft Archicad

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no