Hopp til hovedinnhold

Elkraft

Som fagskuleingeniør innan elkraft bidreg du til at elektriske kraftsystem fungerer, frå energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.

Varigheit:
3 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studieplan:
Studiestad:
Førde
Bildet viser to studentar som koplar leidningar
Bildet viser to studentar som koplar leidningar

Kompetanse for framtida

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått elektro-linje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike elektro-fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse. Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot på denne type arbeidskraft.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Dette studiet er samlingsbasert over tre år. Studiet gir 120 studiepoeng som svarer til ein toårig heiltidsutdanning.

  • Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
    Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
  • Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag. 

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • automatiseringsfaget
    • avionikerfaget
    • dataelektronikarfaget
    • elektrikarfaget
    • elektroreparatørfaget
    • energimontørfaget
    • energioperatørfaget
    • fjernstyrte undervannsoperasjonar
    • flymotormekanikarfaget
    • flystrukturmekaninkarfaget
    • flysystemmekanikarfaget
    • heismontørfaget
    • kulde- og varmepumpemontørfaget
    • låsesmedfaget
    • maritim elektrikarfaget (Vg4)
    • produksjonselektronikarfaget
    • romteknologifaget
    • signalmontørfaget
    • tavlemontørfaget
    • telekommunikasjonsmontørfaget
    • togelektrikarfaget
    • ventilasjonsteknikkfaget
    • viklarfaget
    • viklar- og transformatormontørfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

4GB med 106GB/s båndbredde og DirectX 11 eller bedre

Minne (RAM)

16GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

512GB eller meir

Skjerm

FullHD 15” eller større

 

Nedenfor er PC-krav til AutoCAD Mechanical/Electrical, Revit, Inventor og Archicad:

Autodesk AutoCAD Mechanical
Autodesk AutoCAD Electrical
Autodesk Inventor
Autodesk Revit
Graphisoft Archicad

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no