Automatisering
Automatisering av tekniske anlegg bidreg til både økonomisk og berekraftig byggdrift. Hos oss får du kompetanse til å utvikle heilskaplege tekniske løysingar, som er gjennomtenkte frå prosjektering til bygging.
- Varigheit:
- 3 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 120, Høgare fagskulegrad
- Neste oppstart:
- Ikkje oppstart i 2025
- Studieplan:
- Studiestad:
- Førde
![Bildet viser tre studenter i ein robotlab](/contentassets/5139687f36c14de189f79e24190ce569/studenter-i-labben-campus-forde.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
![Bildet viser tre studenter i ein robotlab](/contentassets/5139687f36c14de189f79e24190ce569/studenter-i-labben-campus-forde.jpg?width=1920&height=1920&quality=80)
Ei utdanning for framtida
Med denne utdanninga kan du bidra til å skape brukarvenlege, ressurseffektive bygg og tekniske system, som møter nasjonale miljø- og klimamål. Automatisering forbetrar yting, berekraft og komfort, både heime og på arbeidsplassen. I tillegg opnar automatisering for velferdsteknologiske løysingar som forbetrar livskvaliteten for eldre og menneske med funksjonsnedsetting. Fagområdet er i rask utvikling. Ein yrkesutøvar må derfor både ha solid praksis og til ei kvar tid oppdatert teoretisk utdanning for å kunne vurdere og løyse automatiseringsoppgåver innanfor sitt arbeidsområde.
Eit fagråd med representantar frå næringslivet har vore med på forme denne utdanninga. Slik får du ei oppdatert og relevant utdanning, tilpassa næringslivet sine behov. Automatisering er særleg relevant i moderniseringsprosjekt for å oppnå auka lønsemd og miljøgevinst.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Som ferdig student kan du leie og vere ansvarleg for planlegging, prosjektering, programmering drift og vedlikehald av automatiserte anlegg og prosesser i bygg.
Utdanninga kvalifiserer også for å bli faglærar i vidaregåande skule, dersom du også har eller tar pedagogisk utdanning.
Utdanninga har e-kom med i studieplanen. E-kom er all form for elektronisk kommunikasjon og den infrastrukturen som må vere på plass for at tenestene skal fungere.
Utdanninga er tverrfagleg og automatisering går føre seg i dei fleste bransjar. I tillegg til byggautomatisering vil fagområde som prosessanlegg, offshore, industriell automatisert produksjon og andre industrielle område også vere aktuelle med denne utdanninga.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på heiltid. Gjennomføringsmodellen er slik:
- Tre år på deltid, nettbasert med samlingar. Kvart studieår er det:
- tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar per samling.
- seks nettsamlingar med to undervisningsdagar per samling.
- undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag, og varer om lag åtte timar.
- Mellom samlingane er det eigenstyrt aktivitet med case-oppgåver, innleveringar og liknande. Det er moglegheit til rettleiing frå faglærar.
Det er ikkje obligatorisk oppmøte på samlingane, men enkelte arbeidskrav må utførast på lab i Førde.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- avionikarfaget
- dataelektronikarfaget
- elektrikarfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervasssoperasjonar
- flymotormekanikarfaget
- flystrukturmekanikarfaget
- flysystemmekanikarfaget
- heismontørfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- maritim elektrikarfaget Vg4
- produksjonselektronikarfaget
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontørfaget
- togelektrikarfaget
- viklar- og transformatormontørfaget
- viklarfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Krav til maskinvare
Operativsystem |
Windows 10/11 |
Prosessorserie |
Intel i5 Gen8, AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre |
Grafikkort |
4GB med 106GB/s båndbredde og DirectX 11 eller bedre |
Minne (RAM) |
16GB eller meir |
Lagringsplass (SSD) |
512GB eller meir |
Skjerm |
FullHD 15” eller større |
Nedanfor er PC-krav til AutoCAD Mechanical/Electrical, Revit, Inventor og Archicad:
Autodesk AutoCAD Mechanical
Autodesk AutoCAD Electrical
Autodesk Inventor
Autodesk Revit
Graphisoft Archicad
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no