Hopp til hovedinnhold

Klassisk bygningshandverk og restaurering

Har du lyst å lære klassiske handverksteknikkar innan snikkar- og tømrarfaget så er dette studiet for deg.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
60, Fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studiestad:
Bergen
Ei gruppe studentar foran eit reisverk av tømmerstokkar
Ei gruppe studentar foran eit reisverk av tømmerstokkar

Tidlaus kunnskap

Etter fullført studium vil studentane vere kvalifiserte til arbeid i bedrifter innan byggenæringa som driv med restaurerings- og vernearbeid. Også på museum eller andre institusjonar eller bedrifter der slikt arbeid er ein del av verksemda. Utdanninga har ein tverrfagleg og ein spesialfagleg del som opnar for at kandidatar med eit breitt spekter av fagbrev/ relevant arbeidserfaring kan søke studiet. Trearbeid vil danne grunnlaget for den tverrfaglege delen, samtidig som det vert lagt til rette for at studenten får øving i fleire fagområde som er aktuelle også for restaurering av mur og steinbygningar. Utdanninga kvalifiserer til utføring og leiing av arbeid som omfattar tilstandsbeskrivingar, planlegging og utføring av restaurerings/rehabiliteringsoppdrag i privat og offentleg regi, også innan restaurering av kyrkjebygg. Utdanninga rettar seg også mot dei som arbeider med opplæring av elevar i vidaregåande skule, lærlingar og arbeid i museumssektoren og i kulturvernarbeidet i kommunesektoren.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Fagskulen tilbyr eit toårig samlingsbasert, nettstøtta studium i Klassisk bygningshandverk og restaurering. Dette svarar til eitt år på fulltid og gir 60 studiepoeng.

Studiet er planlagt gjennomført med seks vekesamlingar kvart skuleår. I tillegg kjem oppgåveløysing og arbeid mellom samlingane. Samlingane vil innehalde mykje praktiske øvingar gjennom arbeid i skogen, på verkstad og på byggeplass. Deler av undervisninga er knytt til bedriftsbesøk og demonstrasjonar i restaureringsarbeid. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av:

Fagbrev:
Bøkkarfaget
Limtreproduksjon
Møbelsnikkarfaget
Orgelbyggjar
Trebåtbyggjarfaget
Tredreiarfaget
Treduodjifaget
Trelastfaget
Treskjerarfaget
Trevare- og bygginnreiingsfaget
Tømrarfag
Murarfaget
Glasfaget
Blikkenslagerfaget
Malerfaget


NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

-

Minne (RAM)

4GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

128GB eller meir

Skjerm

FullHD 13” eller større

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no