Grøn omstilling i byggebransjen
Byggebransjen må omstille seg for å møte krav om berekraft, og treng mange fagfolk med rett kompetanse. Fagskulen tilbyr den første utdanninga i Noreg for grøn omstilling i byggebransjen.
- Varigheit:
- 2 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 60, Fagskulegrad
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2025
- Studieplan:
- Studiestad:
- Førde
Kompetanse for framtidas byggenæring
Noreg har som mål å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050 og regjeringa har kome med tydelege signal om at byggebransjen skal bidra i omstillinga. Nye lovkrav, forskrifter og retningslinjer vil bli innført i stort tempo framover, og ein del er allereie innført. Eit døme er EU sitt krav om 70 prosent ombruk eller materialgjenvinning av avfall frå bygg- og anlegg. Dette er Noreg forplikta til, men ligg framleis godt under 50 prosent. Grøn omstilling i byggebransjen er ei eittårig utdanning over to år. Målet er å utvikle ei berekraftig byggenæring i samarbeid med aktørar i bransjen.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Studiet gjev det oversikt over kva miljøkrav som gjeld, og gjer deg i stand til å følge med på dei stadig nye krava som kjem.
Du får kompetanse innan forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bygg, og som bygge- og prosjektleiar med fokus på berekraft.
Studiet gir deg også kunnskap om sirkulær økonomi, og kompetanse som ombrukskartleggar og energirådgjevar. Med denne utdanninga kan du søke om oppføring i Enova sitt rådgjevarregister.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Utdanninga er på 60 studiepoeng, noko som svarar til eitt år på fulltid. Studiet vårt går over to år på deltid, og er nettbasert med fysiske og digitale samlingar.
Det er tre fysiske samlingar som kvar går over tre dagar, og seks digitale samlingar som kvar går over to dagar. Undervisinga er på dagtid.
I undervising og vurdering er det lagt opp til mykje prosjektarbeid, både individuelt og i gruppe.
Det første året er det lagt opp til ei grunnleggande innføring i realfag, kommunikasjon og økonomi, i tillegg til berekraft, miljø og klima og materialkunnskap med fokus på berekraft.
Det andre året er ei fordjuping innan livsløp og levetid til bygg, energirådgjeving, sirkulær økonomi og ombruk, og prosjektleiing og sertifisering.
På dei fysiske samlingane er det lagt opp til lab, bedriftsbesøk og prosjektarbeid, med påfølgande arbeid mellom samlingane.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- betongfaget
- byggdriftarfaget
- feiarfaget
- glasfaget
- isolatørfaget
- kulde- og varmemontørfaget
- murarfaget
- røyrleggjarfaget
- tak- og membrantekkjarfaget
- trelastfaget
- trevare- og bygginnreiingsfaget
- tømrarfaget
- ventilasjons- og blekkslagarfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no