Hopp til hovedinnhold

Bygg

Fordjupingsområdet bygg gjev deg opplæring i BIM, bygningsfysikk, byggeplassleiing, landmåling, tre-, betong- og stålteknologi og FDV. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lover og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.

Varigheit:
3 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studieplan:
Studiestad:
Førde
Bildet viser tre personar i arbeidsklede og vernehjelm som ser på eit nettbrett
Bildet viser tre personar i arbeidsklede og vernehjelm som ser på eit nettbrett

Ettertrakta kompetanse

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg eller anleggslinje på vidaregåande, (tidlegare yrkesskulen), deg som har arbeidd innanfor ulike byggfag og som no ynskjer meir formell kompetanse og deg som har leiarambisjonar. Det er stort underskot på denne typen arbeidskraft. Etterspurnaden etter folk med teknisk bakgrunn frå fagskule er stor og er forventa å auke ytterlegare dei nærmaste åra.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet gir 120 studiepoeng og blir gjennomført på deltid over tre år, gjennomføringa er nettbasert med samlingar.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:

  • Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
  • Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Undervisninga på samlingane er på dagtid frå morgon til ettermiddag. 

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • anleggsmaskinførarfaget
    • asfaltfaget
    • banemontørfaget
    • betongfaget
    • byggdriftarfaget
    • feiarfaget
    • fjell- og bergverksfaget
    • forskalingssnekkar
    • glasfaget
    • industrimålarfaget
    • isolatørfaget
    • limtreproduksjonsfaget
    • målarfaget
    • murarfaget
    • røyrleggjarfaget
    • steinfaget
    • stillasbyggjarfaget
    • tak- og membrantekkjarfaget
    • trelastfaget
    • trevare- og bygginnreiingsfaget
    • tømrarfaget
    • veg- og anleggsfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

Det anbefales å ha et godt grafikkort med minimum 2GB minne som støtter DirectX 11 med Shader Model 5 eller bedre

Minne (RAM)

16GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

256GB eller meir

Skjerm

FullHD 15” eller større

 

Nedenfor er PC-krav til Autodesk Revit:

Autodesk Revit

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no