Hopp til hovedinnhold

BIM-teknikar

Behovet for digital kompetanse i alle delar av samfunnet er aukande. Etterspurnaden etter BIM-teknikarar (bygningsinformasjonsmodellering) som kan koordinere digitale planleggings- og samarbeidsprosessar er stor. BIM-teknikaren må kunne orientere seg i ein tverrfagleg kvardag, samtidig som ho/han kan utøve og tileigne seg avansert kompetanse på eige fagfelt.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
60, Fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studieplan:
Studiestad:
Førde
Illustrasjon av eit bygg utan tak
Illustrasjon av eit bygg utan tak

Bli BIM-teknikar

Utdanninga passer for deg som har fagbrev innan bygg og anlegg eller innan tekniske installasjonar. Du vil jobbe med modellering av bygg eller koordinering av prosessar ved hjelp av BIM-modellar. Den vil og passe for dei som skal leie byggeprosjekt gjennom BIM-modellar. Yrkestittelen BIM-teknikar gir deg svært gode jobbmoglegheiter hos større entreprenørar, rådgivarar, programvareleverandørar, arkitektfirma, ferdighus-fabrikantar og i undervisningssektoren.

Fordjuping gir kompetanse til å modellere med 3D-modelleringsprogram. Ein haustar bl.a. planteikningar, snitt-teikningar, fasadeteikningar, mengder og 3D-visualisering av modellane. Ulike modellar baserte på ulike modelleringsprogram blir samanlikna i ein modellsjekkar for å unngå kollisjonar og sørge for effektiv og sikker planlegging og bygging.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Dette studiet gir 60 studiepoeng, noko som tilsvarer eit eittårig heiltidsstudium. Studiet er nettbasert over to år. 

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår nettbasert er slik:

  • Ni nettsamlingar med to undervisningsdagar per samling. Sju og ein halv time undervisning per dag.

Studiet er basert på digitale samlingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar ved hjelp av digitale dataverktøy. Det er spesifiserte arbeidskrav i alle emne som må oppfyllast i samsvar med studieplanen.

Undervisninga på samlingane skjer på dagtid, morgon til ettermiddag. 

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • automatiseringsfaget
    • betongfaget
    • byggdriftarfaget
    • elektrikerfaget
    • industrisnekkarfaget
    • isolatørfaget
    • kulde- og varmepumpemontørfaget
    • limtreproduksjonsfaget
    • murarfaget
    • røyrleggjarfaget
    • tak- og membrantekkjarfaget
    • trelastfaget
    • trevare- og bygginnreiingsfaget
    • tømrarfaget
    • veg- og anleggsfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i7 Gen8 eller AMD Ryzen 7 Gen2 eller bedre

Grafikkort

Det anbefales å ha et godt grafikkort med minimum 2GB minne som støtter DirectX 11 med Shader Model 5  eller bedre

Minne (RAM)

Minimum 16GB, helst 32GB eller 64GB.

Lagringsplass (SSD)

256GB eller meir

Skjerm

Full HD 15” eller større og ein ekstern skjerm i tillegg for heimearbeid.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no