Hopp til hovedinnhold

Anlegg

Klar for å ta steget vidare? Med anleggsutdanninga får du kompetanse til å berekne, planlegge og koordinere anleggsprosjekt. Med fagskuleutdanning i anlegg har du mange jobbmoglegheiter i ein stor, viktig og spennande bransje.

Varigheit:
3 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2025
Studieplan:
Studiestad:
Voss
Bildet viser to personar i arbeidsklede på eit anleggsområde
Bildet viser to personar i arbeidsklede på eit anleggsområde

Ettertrakta kompetanse

Denne utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg- eller anleggslinje på vidaregåande, eller som har arbeidd innanfor ulike anleggsfag. Ønsker du meir formell kompetanse eller kanskje har du leiarambisjonar? Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er stor og er forventa å auke ytterlegare i åra som kjem.

Med denne utdanninga får du kompetanse til å berekne, planlegge og koordinere produksjon, innkjøp  og personressursar for anleggsarbeid. Anleggsutdanninga omfattar også landmåling/geomatikk, kommunalteknikk, anbod og kalkulasjon, geoteknikk, fjellarbeid, anleggsdrift og prosjektstyring.
 
Som fagskuleingeniør med fordjuping i anlegg kan du søke på stillingar som entreprenør, konsulent, anleggsleiar, oppsynsmann og kontrollør, kommuneteknikar, stikningsteknikar, eller starte eiga bedrift.
 
Saman med praktisk-pedagogisk utdanning, kan du også søke på stillingar som faglærar.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Utdanninga består av åtte emne, inkludert hovudprosjekt.
Studiet er på 120 studiepoeng og gjennomføringsmodellen er slik:
 
  • Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Voss.
    • Det er tre obligatoriske samlingar kvart semester.
    • Kvar samling varer ei veke med 40 undervisningstimar.
Mellom samlingane er det nettbasert undervisning og rettleiing.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • anleggsmaskinførarfaget
    • asfaltfaget
    • anleggsgartnerfaget
    • banemontørfaget
    • betongfaget
    • fjell- og bergverksfaget
    • murarfaget
    • røyrleggjarfaget
    • steinfaget
    • tømrarfaget
    • veg- og anleggsfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8, AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

4GB med 106GB/s båndbredde og DirectX 11 eller bedre

Minne (RAM)

16GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

256GB eller meir

Skjerm

FullHD 13” eller større

 

 Nedenfor er PC-krav til AutoCAD:

Autodesk AutoCAD

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no