I store deler av industrien, både landbaserte og offshore, er behovet for fagskoleingeniørar med prosessfagleg kompetanse stort. Alt frå den daglege drift og vedlikehald av prosess anlegg til utvikling og forsking på dette fagområde inngår i kvardagen til ein prosessteknikar.
Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 120
Varigheit: 3 år på deltid
Studieplan: Prosess Nordnes
Studieplan og litteraturliste for denne utdanninga er framleis under arbeid.
Neste studietart: August 2025
Søknadsfrist: 15. april 2025
Behovet for fagskuleingeniørar med prosessfagleg kompetanse er aukande i store delar av industrien, både on- og offshore. Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleingeniør frå kjemi/prosess er i første rekkje innan prosessindustri, kjemi- og næringsmiddelindustri på land og offshore. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor. Fagskuleingeniørar med fordjuping i prosess er kvalifisert for stillingar som førstelinjeleiarar, arbeidsleiarar, drifts assistentar, skiftleiare, tekniske assistentar, vedlikehaldsleiar og inspektør.
Praktisk informasjon om utdanninga
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. Fagskulen tilbyr eit treårig nettbasert studium i fordjuping prosessteknikk ved studiestad Nordnes.
For nettbasert studium blir det 6 vekesamlingar kvart skuleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- boreoperatørfaget
- brønnfaget, elektriske kabeloperasjonar
- brønnfaget, havbunnsinstallasjonar
- brønnfaget, komplettering
- brønnfaget, kveilerøroperasjonar
- brønnfaget, mekaniske kabeloperasjonar
- brønnfaget, sementering
- elektrikarfaget
- energioperatørfaget
- gjenvinningsfaget
- grafisk produksjonsteknikk
- industriell matproduksjon
- industriell overflatebehandling
- industriell skotøyproduksjon
- industrimekanikarfaget
- industrimontørfaget
- industrimålarfaget
- industrirøyrleggjarfaget
- industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling
- industritekstilfaget, fiskeredskap
- industritekstilfaget, garnframstilling
- industritekstilfaget, trikotasje
- industritekstilfaget, veving
- kjemiprosessfaget
- kran- og løfteoperasjonsfaget
- laboratoriefaget
- NDT-kontrollørfaget
- platearbeidarfaget
- polymerkomposittfaget
- produksjonsteknikkfaget
- støperifaget
- sveisefaget
- tekstilrensfaget
- termoplastfaget
- trykkerfaget
- vaskerifaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her