Maskinteknikk er ei spennande utdanning innanfor eit fagområde med stor etterspurnad for fagskoleingeniørar. Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk. Etter fullført studium vil ein vere i stand til å kunne planleggje, leie og kontrollere båe eigne og andre sine arbeidsoppgåver.
Studiestad: Førde
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 120
Varigheit: 3 år på deltid
Studieplan: Maskinteknikk Førde
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Utdanninga passer for/målgruppe
Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått mekanisk linje (TIP) på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike mekaniske fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse.
Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.
Praktisk informasjon om utdanninga
Dette utdanninga gir 120 studiepoeng. Utdanninga er på deltid over tre år. 120 studiepoeng svarar til eit toårig heiltidsstudium.
Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
- Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
- Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.
Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- anleggsrørleggerfaget
- automatiseringsfaget
- bokbinderfaget
- boreopratørfaget
- brønnfaget, elektrisk kabeloperasjoner
- brønnfaget, havbunnsinstallasjoner
- brønnfaget, kveilerøroperasjoner
- brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner
- brønnfaget, sementering
- gjørlarfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjoner
- matrosfaget
- røyrleggerfaget
- smedfaget
- ventailasjon- og blekkslagarfaget
- gjenvinningsfaget
- grafisk produksjonsteknikk
- industrisømfaget
- industrisnekkerfaget
- kjemiprosessfaget
- laboratoriefaget
- modellbyggjarfaget
- truck- og liftmekanikerfagbrev
- logistikkfaget
- aluminiumskonstruksjonsfagbrevet
- anleggsmaskinmekanikerfagbrevet
- bilfag, lett kjøretøy
- bilfag, tungt kjøretøy
- billakkerarfaget
- bilskadefaget
- chassispåbyggjarfaget
- CNC-maskineringsfaget
- dimensjonsjonskontollfaget
- finmekanikarfaget
- hjulutrustningsfaget
- industriell overflatebehandling
- industrimekanikerfaget
- industrimontørfaget
- industrioppmålingsfaget
- industrirøyleggjarfaget
- komposittbåtbyggjarfaget
- kran og – løfteoprasjonsfaget
- landbruksmaskinmekanikerfaget
- låsesmedfaget
- maritim innredning
- motormannfaget
- motormekanikerfaget
- motorsykkelfaget
- NDT-kontrollørfaget
- plastmekanikerfaget
- platearbeiderfaget
- polymerkomposittfaget
- produksjonsteknikkfaget
- reservedelsfaget
- støyperifaget
- sveiserfaget
- termoplastfaget
- verktøymakarfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her