Maskinteknikk er ein spennande utdanning innanfor eit fagområde med stor etterspurnad for fagskoleingeniørar. Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk. Etter fullført studium vil ein vere i stand til å kunne planleggje, leie og kontrollere eigne og andre sine arbeidsoppgåver.
Studiestad: Stord
Utdanningsform: Samlingsbasert
Studiepoeng: 120
Studieplan: Maskinteknikk Stord
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Praktisk informasjon om utdanninga
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. På studiestad Stord tilbyr vi et toårig samlingsbasert heiltidsstudium. Da er det samling frå måndag til fredag kvar tredje veke, så kan ein jobbe ved sida av studiane. Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- anleggsrørleggerfaget
- automatiseringsfaget
- bokbinderfaget
- boreopratørfaget
- brønnfaget, elektrisk kabeloperasjoner
- brønnfaget, havbunnsinstallasjoner
- brønnfaget, kveilerøroperasjoner
- brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner
- brønnfaget, sementering
- gjørlarfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjoner
- matrosfaget
- røyrleggerfaget
- smedfaget
- ventailasjon- og blekkslagarfaget
- gjenvinningsfaget
- grafisk produksjonsteknikk
- industrisømfaget
- industrisnekkerfaget
- kjemiprosessfaget
- laboratoriefaget
- modellbyggjarfaget
- truck- og liftmekanikerfagbrev
- logistikkfaget
- aluminiumskonstruksjonsfagbrevet
- anleggsmaskinmekanikerfagbrevet
- bilfag, lett kjøretøy
- bilfag, tungt kjøretøy
- billakkerarfaget
- bilskadefaget
- chassispåbyggjarfaget
- CNC-maskineringsfaget
- dimensjonsjonskontollfaget
- finmekanikarfaget
- hjulutrustningsfaget
- industriell overflatebehandling
- industrimekanikerfaget
- industrimontørfaget
- industrioppmålingsfaget
- industrirøyleggjarfaget
- komposittbåtbyggjarfaget
- kran og – løfteoprasjonsfaget
- landbruksmaskinmekanikerfaget
- låsesmedfaget
- maritim innredning
- motormannfaget
- motormekanikerfaget
- motorsykkelfaget
- NDT-kontrollørfaget
- plastmekanikerfaget
- platearbeiderfaget
- polymerkomposittfaget
- produksjonsteknikkfaget
- reservedelsfaget
- støyperifaget
- sveiserfaget
- termoplastfaget
- verktøymakarfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her