Hopp til hovedinnhold

Klassisk bygningshåndverk og restaurering - Nordnes Bergen

Avstandsbilde av bryggen i Bergen

Har du lyst å lære klassiske handverksteknikkar innan snikkar- og tømrarfaget så er dette studiet for deg.

Studiet har ikkje opptak i 2024.

Studiestad: Nordnes
Utdanningsform:  Nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 60

Etter fullført studium vil studentane vere kvalifisert til arbeid i bedrifter innan byggenæringa som driv med restaurerings- og vernearbeid også på museum eller andre institusjonar eller bedrifter der slikt arbeid er ein del av verksemda. Utdanninga kvalifiserer til utføring og leiing av arbeid som omfattar tilstandsbeskrivingar, planlegging og utføring av restaurerings/rehabiliteringsoppdrag i privat og offentleg regi. Utdanninga rettar seg også mot dei som arbeider med opplæring av elevar i vidaregåande skule, lærlingar og arbeid i museumssektoren og i kulturvernarbeidet i kommunesektoren.

Praktisk informasjon om utdanninga

Fagskulen tilbyr eit toårig nettbasert studium i Klassisk bygningshåndverk og restaurering. Dette svarar til 1 år på fulltid og gir 60 studiepoeng.

Studiet er planlagt gjennomført med 6 vekesamlingar kvart skuleår pluss eksamensdagar. I tillegg kjem nettundervisning mellom samlingane. Samlingane vil innehalde mykje praktiske øvingar gjennom arbeid i skogen, på verkstad og på byggeplass. Deler av undervisninga er knytt til bedriftsbesøk og demonstrasjonar i restaureringsarbeid. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt.

 

Du kan søkje opptak på grunnlag av:

1:Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

Relevante fagbrev er:

Bøkkarfaget
Limtreproduksjon
Møbelsnikkarfaget
Orgelbyggjar
Trebåtbyggjarfaget
Tredreiarfaget
Treduodjifaget
Trelastfaget
Treskjerarfaget
Trevare- og bygginnreiingsfaget
Tømrarfag


NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semster.

2: Realkompetanse

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

3: Utdanning frå eit anna land

Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.