Hopp til hovedinnhold

Som fagskuleingeniør innan elkraft bidreg du til at elektriske kraftsystem fungerer, frå energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.

Studiestad: Nordnes
Utdanningsform:
Heiltid eller nettbasert med samlingar deltid
Studiepoeng:
120
Varigheit: 2 år på heiltid, 3 år på deltid
Studieplan: Elkraft Nordnes

Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024

SØK HER!

Samfunnet og næringslivet stadig behov for nye fagskoleingeniører som kan jobbe med drift, vedlikehald, dimensjonering og prosjektering av elektriske låg- og høgspenningsanlegg.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Fordjupingsemna i utdanninga er elektriske høgspenningsanlegg, automatiserte anlegg, elektriske maskiner og omformarar, elektriske installasjonar og installatørdrift. I det avsluttande prosjektet skal studentane fordjupe seg i ei fagleg problemstilling.

Utdanninga gir gode jobbmoglegheiter innan elektroteknisk industri og prosessindustri. Som fagskuleingeniør innan elkraft er ein kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som for eksempel installasjons bedrifter, energiverk og elektroteknisk rådgjeving. Vidare kvalifiserer utdanninga også for arbeid innan handel og for stillingar som konstruktør, planleggar og serviceteknikar.

Saman med pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga også til å arbeide som faglærar i vidaregåande opplæring.

Vi arrangerer fagdagar på skulen og besøker bedrifter som gir innsikt i aktuelle problemstillingar i arbeidslivet. Slik sikrar vi studentane har nær kontakt med både utviklinga på fagfeltet, samt potensielle arbeidsgjevarar.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på heiltid.

Gjennomføringsmodellane er slik:

  • To år på heiltid, fysisk på Nordnes i Bergen.
  • Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Nordnes.
    • Tre vekesamlingar kvart semester
    • Mellom samlingsvekene kan du forvente timeplanfesta rettleiing og lærarstyrte aktivitetar.

Vi forstår at du kan ha jobb, familie og andre forpliktingar. Studia våre er derfor laga slik at dei er mogleg å gjennomføre ved sidan av andre livsroller. Vi fører ikkje fråvær, og obligatorisk oppmøte gjeld kun for arbeidskrav som laboratorieoppgåver, gruppepresentasjonar, eller deltaking i prøvar og eksamenar.

Studiemodellen er fleksibel, med moglegheit til å bytte studieretning eller velje emne frå andre studieretningar. Slik kan du få ein breiare og meir tverrfagleg kompetanse. Det er også mogleg å byte mellom heiltids- og deltidsstudium undervegs.

Fagskulen Vestland har ein 2+2-avtale med Høgskulen på Vestlandet (HVL) for dette studiet. Avtalen gir rett til fritak for emne tilsvarande eitt år, eller 60 studiepoeng, ved HVL, dersom du har fullført toårig fagskoleutdanning i elkraft ved studiestad Nordnes. Dette vil seie at du kan fullføre ein tre-årig bachelorgrad på to år ved HVL. MERK: Du må framleis gjennomføre realfagskurs ved HVL. Klikk her for å lese meir om denne ordninga på HVL sine nettsider.  

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • automatiseringsfaget
    • avionikerfaget
    • dataelektronikarfaget
    • elektrikarfaget
    • elektroreparatørfaget
    • energimontørfaget
    • energioperatørfaget
    • fjernstyrte undervannsoperasjonar
    • flymotormekanikarfaget
    • flystrukturmekaninkarfaget
    • flysystemmekanikarfaget
    • heismontørfaget
    • kulde- og varmepumpemontørfaget
    • låsesmedfaget
    • maritim elektrikarfaget (Vg4)
    • produksjonselektronikarfaget
    • romteknologifaget
    • signalmontørfaget
    • tavlemontørfaget
    • telekommunikasjonsmontørfaget
    • togelektrikarfaget
    • ventilasjonsteknikkfaget
    • viklarfaget
    • viklar- og transformatormontørfaget
  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.  Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her