Hopp til hovedinnhold

Bygningssakkyndig for tilstandsanalysar - Førde

Ein bygningssakkunnig noterer på eit skjema.

Bli takstingeniør! Med denne utdanninga kan du som bygningssakkunnig utarbeide tilstandsanalysar i samsvar med avhendingslova for bustad, byggverk og eigedom.

Studiestad: Førde
Utdanningsform:
Nettbasert, deltid
Studiepoeng: 
120
Varigheit: 3 år
Studieplan: Bygningssakkyndig Førde

Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024

SØK HER!

Utdanninga er utvikla og tilbydd i samarbeid med Norges Eiendomsakademi (NEAK). Etter fullført studie har du kompetanse til å utarbeide tilstandsanalysar for bustad, byggverk og eigedom. Du er også kvalifisert til medlemskap og sertifisering i Norsk takst.
 
Det første året får du ei grunnleggande innføring i bygningsfysikk, teikning og mekanikk. I fordjupningsdelen andre og tredje året blir det undervist i tilstandsanalysar, bygningsfysikk, geofag og bygningsskade.

Utdanninga passar for deg som har gått bygglinje på vidaregåande (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor byggfag og som ønsker formell kompetanse/takstmannutdanning. Den passar òg for deg som er bygningsingeniør og ønsker takstmannutdanning.

Fagskuleingeniørar med fullført og bestått studium som bygningssakkunnig vil kvalifisere til medlemskap og sertifisering i Norsk takst.

Praktisk informasjon om utdanninga

Studiet gir 120 studiepoeng, noko som svarar til ei to-årig heiltidsutdanning. Studiet er nettbasert over tre år.

Studiet er nettbasert med samlingar på nett. Undervisninga på samlingane er på dagtid frå morgon til ettermiddag.

Gjennomføringsmodell for samlingane er slik for kvart studieår:

  • Tre nettsamlingar med fire undervisningsdagar per samling. Åtte timar undervisning per dag.
  • Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar per samling. Sju timar undervisning per dag.

Studiet er basert på digitale samlingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar ved hjelp av digitale dataverktøy. Det er spesifiserte arbeidskrav i alle emne som må oppfyllast i samsvar med studieplanen.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • tømrarfaget
    • byggdriftarfaget
    • betongfaget
    • murarfaget
    • røyrleggarfaget
    • tak- og membrantekkarfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget
  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.  Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her