Automatisering og robotteknologi får ein større og større plass i industrien. Hos oss får du kompetansen du treng til å bidra aktivt i denne spennande utviklinga, og hjelpe bedrifter til å arbeide meir effektivt, miljøvenleg og lønsamt.
Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: Heiltid, eller nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 120
Varigheit: 2 år på heiltid, 3 år på delitd
Studieplan: Automatisering Nordnes
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Utdanninga er tilpassa dei skiftande krava i industri-, offshore- og IT-sektoren. Du får tilgang til moderne utstyr og undervisning frå høgt kvalifiserte lærarar.
Vi tar i bruk teknologiske nyvinningar i undervisininga, slik får du få oppdatert kompetanse som er attraktivt for potensielle arbeidsgjevarar. Utdanninga er med andre ord forankra i praktisk erfaring, relevant for arbeidslivet, og gir deg kompetanse som møter næringslivet sine behov.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Reguleringteknikk, styringsteknikk med PLS, robotteknologi, instrumentering og industriell nettverkstryggleik står sentralt i utdanninga. Målet er å gje ei utdanning som samfunnet har behov for.
Industrien har stort behov for fagpersonar med kompetanse innan automatisering, både på land og offshore. Aktuelle arbeidsoppgåver er alt frå drift, service og vedlikehald til systemutvikling og prosjektplanlegging.
Saman med pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga også til å arbeide som faglærar i vidaregåande opplæring.
Vi arrangerer fagdagar på skulen og besøker bedrifter som gir innsikt i aktuelle problemstillingar i arbeidslivet. Slik sikrar vi studentane har nær kontakt med både utviklinga på fagfeltet, samt potensielle arbeidsgjevarar.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på heiltid.
Gjennomføringsmodellane er slik:
- To år på heiltid, fysisk på Nordnes i Bergen.
- Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Nordnes.
- Tre vekesamlingar kvart semester
- Mellom samlingsvekene kan du forvente timeplanfesta rettleiing og lærarstyrte aktivitetar.
Vi forstår at du kan ha jobb, familie og andre forpliktingar. Studia våre er derfor laga slik at dei er mogleg å gjennomføre ved sidan av andre livsroller. Vi fører ikkje fråvær, og obligatorisk oppmøte gjeld kun for arbeidskrav som laboratorieoppgåver, gruppepresentasjonar, eller deltaking i prøvar og eksamenar.
Studiemodellen er fleksibel, med moglegheit til å bytte studieretning eller velje emne frå andre studieretningar. Slik kan du få ein breiare og meir tverrfagleg kompetanse. Det er også mogleg å byte mellom heiltids- og deltidsstudium undervegs.
Fagskulen Vestland har ein 2+2-avtale med Høgskulen på Vestlandet (HVL) for dette studiet. Avtalen gir rett til fritak for emne tilsvarande eitt år, eller 60 studiepoeng, ved HVL, dersom du har fullført toårig fagskoleutdanning i automatisering ved studiestad Nordnes. Dette vil seie at du kan fullføre ein tre-årig bachelorgrad på to år ved HVL. MERK: Du må framleis gjennomføre realfagskurs ved HVL. Klikk her for å lese meir om denne ordninga på HVL sine nettsider.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- avionikerfaget
- CNC maskineringsfaget
- dataelektronikarfaget
- elektrikarfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjonar
- flymotormekanikarfaget
- flystrukturmekanikarfaget
- flysystemmekanikarfaget
- heismontørfaget
- industrimekanikar
- industrirøyrleggjarfaget
- industrisaumfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- låsesmedfaget
- maritim elektrikarfaget
- produksjonselektronikar
- romteknologi
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontør
- togelektrikarfaget
- ventilasjonsteknikkfaget
- viklarfaget
- viklar- og transformatormontørfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.
Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her