Fordjupingsområdet anlegg gjev deg opplæring i anleggskonstruksjonar, anleggsdrift, byggeplassleiing, landmåling, betong- og stålteknologi, fjellarbeid, kommunalteknikk og geoteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.
Studiestad: Førde
Utdanningsform: Nettbasert med samlinger
Studiepoeng: 120
Studieplan: Anlegg Førde
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Utdanninga passer for/målgruppe
Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg eller anleggslinje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike anlegsfag, og som no ynskjer meir formell kompetanse eller deg som har leiarambisjonar.
Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.
Praktisk informasjon om utdanninga
Dette studiet er samlingsbasert deltid over tre år.
Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
- Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
- Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.
Undervisninga på samlingane vil vere på dagtid frå morgon til ettermiddag.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- anleggsmaskinførarfaget
- anleggsrørleggarfaget
- anleggsgartnarfaget
- asfaltfaget
- banemontørfaget
- betongfaget
- byggdriftarfaget
- brønn- og borefaget
- vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
- energimontør
- feiarfaget
- fjell- og bergverksfaget
- fundamenteringsfaget
- industrimålarfaget
- isolatørfaget
- limtreproduksjonsfaget
- målarfaget
- murarfaget
- røyrleggjarfaget
- steinfaget
- stillasbyggjarfaget
- tak- og membrantekkjarfaget
- trelastfaget
- trevare- og bygginnreiingsfaget
- tømrarfaget
- veg- og anleggsfaget
- ventilasjons- og blekkslagarfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her