Dette er eit emne for deg som ynskjer meir kunnskap om yrkesutøving og tjenestetilbod knytt til organsiering og samhandling i tenestene innenfor rehabilitering og kvardagsmestring.
Studiestad: Nettbasert
Utdanningsform: Nettbasert
Studiepoeng: 10
Varigheit: 12 veker
Kostnader: Gratis
Neste studiestart: august 2026
Søknadsfrist: Kjem seinare
Om emnet
Dette emnet er ein del av i studiet «Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi». Kompetanse om yrkessutøving og tenestetilbod er viktig i samhandling med pasient/brukare og pårørande. I emnet får du innsikt i moglegheiter og utfordringar med overgangane mellom tenester og ulike tenestenivå. Vidare er det fokus på yrkessutøvinga der kommunikasjon, rettleiing og etisk refleksjon kan bidra til å utvikla arbeidsmetodar og tenestetilbod til pasient/brukare med behov for rehabilitering.
Oppbygging og gjennomføring
Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng. All undervisning er nettbasert og det er ingen obligatorisk oppmøteplikt. Oppstart er lagt til veke 35 og undervisninga varar til og med veke 47. Læringsmateriell vil bli lagt ut på vår digitale læringsplattform slik at kvar enkelt kan studere når det passar. Det blir lagt opp til rettleiingsøkter etter behov.
Læringsutbyte
Økt kunnskap om det rehabiliterande tenestetilbodet i den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta vil bidra til auka forståelse i møte med pasienter/brukare med behov for rehabilitering.
Dette emnet gjev ei innføring i tema om:
- Organisering og samhandling i tenestetilboda på ulike nivå.
- Yrkesutøving, kommunikasjon og rettleiingskompetanse.
- Frivillige aktørar, interesse- og brukarorganisasjonar.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
- Helsearbeidarfaget
- Omsorgsarbeidar
- Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Aktivitør
Du kan også søke på bakgrunn av vitnemål som hjelpepleiar.
Du kan også søke på grunnlag av realkompetanse.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.