Hopp til hovedinnhold

Kunstig intelligens (KI) er meir enn ei teknologisk nyvinning—det er ein «gamechanger» for bedrifter som vil liggje i forkant. For å utnytte potensialet til KI krevst det ikkje berre teknisk forståing, men òg ei djup forståing av kreativitet og innovasjon. Gjennom denne utdanninga vil vi utforske kva som er grunnlaget for kreativitet og kreativ verksemd.

Utdanningsform: Nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 5
Varigheit: februar 2025 - mai 2025

Kostnader: Gratis

Søknadsfrist: 17. februar 2025

Det er løpande opptak.

Søk her:

BERGEN Skreddarsydde KI-system - Bergen

FLORØ Skreddarsydde KI-system - Florø

NETT   Skreddarsydde KI-system - Nett

 

Kunstig intelligens i praksis - frå visjon til nytteverdi

I dette kurset vil studenten lære meir om korleis vi typisk lærer, kva som skal til for endring, og korleis vi ofte møter det nye med gammalt tankesett. Kva betyr det eigentleg å vere kreativ, og korleis vi kan skape rom for kreativ utvikling i møte med teknologiske nyvinningar som KI. Studenten vil ikkje berre lære om KI, men òg korleis dei kan bruke og tilpasse KI-løysingar til både eigne og bedrifta sine spesifikke behov. Dette inneber å utvikle skreddarsydde KI-verktøy som er designa for å løyse unike utfordringar i verksemda deira.

Ein intern KI kan fungere som ei levande erfaringsdatabase, som kontinuerleg blir oppdatert av dei tilsette. KI-en kan samle og analysere erfaringar frå ulike prosjekt, optimalisere arbeidsprosessar og dele innsikt på tvers av avdelingar. Til dømes kan ein tilsett registrere korleis eit produktproblem vart løyst i samarbeid med ein leverandør. Denne informasjonen blir då lett tilgjengeleg for andre tilsette, slik at kollegaer kan dra nytte av løysinga og handtere liknande utfordringar meir effektivt i framtida.

KI kan òg brukast til å forbetre og automatisere anbodsprosessar. Ved å samanlikne bedrifta sine tilbod med anbodsgrunnlaget, kan KI-en identifisere avvik og sikre at tilbodet er i samsvar med alle krav. Dette reduserer risikoen for feil og sparar tid, samstundes som det aukar sjansen for å vinne anbod. Men KI handlar ikkje berre om effektivisering. Det handlar òg om å utfordre etablerte tankemønster og omfamne nye måtar å skape verdi på. Gjennom KI kan bedrifter forbetre kundeservice med chatbots, optimalisere forsyningskjeder, og utvikle kreative løysingar som dekkjer både dagens og framtidas behov.

I denne utdanninga vil studenten utforske dei mange måtane KI kan skape verdi på, og lære å utvikle KI-løysingar som er tilpassa deira eiga bedrift. Ved å forankre KI-strategiar i bedriftskulturen, sikrar ein langsiktig nytteverdi og konkurransefortrinn. 

Utdanninga gir 5 studiepoeng og blir tilbydd nettbasert med éi fysisk samling. Ho er praktisk tilrettelagt for kvardagen til studenten, slik at du kan studere når det passar deg. Du vil få moglegheit til å arbeide med reelle, aktuelle problemstillingar og nytte teori i praksis, samt utvikle dine eigne KI-løysingar tilpassa behova til bedrifta. 

 

KI - 4 Bergen

Oppstart

24 feb

kl 17:00

Nett

Rettleiing:

03 mars

kl 17:00

Nett

Rettleiing:

17 mars

kl 17:00

Nett

Fysisk samling

07 april

kl 10:00 – 17:00

Nordnes

Rettleiing

28 april

kl 17:00

Nett

Frist for innlevering (mappene stenger) 22. mai 2025

 

KI – 5 Florø

Oppstart

25 feb

kl 17:00

Nett

Rettleiing:

04 mars

kl 17:00

Nett

Rettleiing:

18 mars

kl 17:00

Nett

Fysisk samling

09 april

kl 10:00 – 17:00

Florø/ Førde

Rettleiing

29 april

kl 17:00

Nett

Frist for innlevering (mappene stenger) 22. mai 2025

 

KI – 6 Nett

Oppstart

26 feb

kl 17:00

Nett

Rettleiing:

05 mars

kl 17:00

Nett

Rettleiing:

19 mars

kl 17:00

Nett

Rettleiing:

07 april

kl 17:00

nett

Rettleiing

30 april

kl 17:00

Nett

Frist for innlevering (mappene stenger) 22. mai 2025

 

Lær på dine eigne premissar, med vårt nettbaserte kurs for yrkesaktive 
Ved å kombinere det beste innan teknologi og pedagogisk forsking har vi utforma ein nettbasert utdanningsmodell som plasserer studenten i sentrum, samstundes som den oppfyller samfunnets og næringslivet sine krav til kompetanse. Nedanfor, i dei fire punkta, presenterer vi vårt kurskonsept: 

  • Uavgrensa fleksibilitet: Studer uavhengig av tid og stad. Perfekt for travle kvardagar, jobbforpliktingar, familieansvar eller bustad i avsidesliggande område. 
  • Individualisert læring: Tilpassa læringsmateriale, sjølvstyrt progresjon, og umiddelbare tilbakemeldingar sørgjer for at kvar student får ei unik og målretta læringsoppleving. 
  • Djupneforståing: Beveg deg frå grunnleggjande kunnskap til avansert forståing, analyser, teoretiser og bruk kunnskapen din i ulike samanhengar. 
  • Studentaktiv læringsform: Engasjer deg i læreprosessen, ver ein aktiv deltakar, og ta kontroll over di eiga utvikling og læring. 
    Med vår nettbaserte modell vil du ikkje berre tileigne deg kunnskap, men du vil også lære å bruke den, reflektere over den, og vekse både fagleg og personleg. 

Målgruppa for utdanninga inkluderer rådgivarar, prosjekt- og byggjeleiarar, tekniske entreprenørar, leverandørar, samt drifts- og vedlikehaldsleiarar. Ho rettar seg også mot montørar, VVS-teknikarar, elektroingeniørar og saksbehandlarar som arbeider med tekniske fag i byggje- og anleggssektoren. I tillegg er utdanninga relevant for fagfolk innan fornybar energi, som sol- og vindkraft, som ønskjer å setje i verk Kunstig Intelligens (KI) i sine arbeidsprosessar for å fremje berekraftige løysingar. 

  •  Presentasjonsmappe med fire læringsnotat, fire quizar og to faglege oppgåver 
  • Vurdering med bestått/ikke bestått av faglærer og ekstern sensor

Du kan søke studieplass på grunnlag av

fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i 

  • automatiseringsfaget 
  • avionikarfaget 
  • dataelektronikarfaget 
  • elektrikarfaget 
  • elektroreparatørfaget 
  • energimontørfaget 
  • energioperatørfaget 
  • fjernstyrte undervasssoperasjonar 
  • flymotormekanikarfaget 
  • flystrukturmekanikarfaget 
  • flysystemmekanikarfaget 
  • heismontørfaget 
  • kulde- og varmepumpemontørfaget 
  • maritim elektrikarfaget Vg4 
  • produksjonselektronikarfaget 
  • signalmontørfaget 
  • tavlemontørfaget 
  • telekommunikasjonsmontørfaget 
  • togelektrikarfaget 
  • viklar- og transformatormontørfaget 
  • viklarfaget 

 

Realkompetanse 

  • Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse. 
  • Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.