Hopp til hovedinnhold

Byggebransjen har eit stort behov for fagfolk for å møte krav til berekraftig forbruk av ressursar. Ta 10 studiepoeng innan det høgaktuelle fagfeltet sirkulær økonomi og ombruk.

Studiestad: Førde
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 10
Varigheit: 4 månader
Kostnader: Gratis

Meir informasjon om emnet

Neste studiestart: Våren 2025
Søknadsfrist: 15. desember 

Søk her!

Om bransjeprogrammet:

Bransjeprogrammet Sirkulær økonomi og ombruk gjev deg kunnskap om reduksjon, ombruk, gjenvinning og utnytting av dei enkelte byggematerialane, og av heile bygget ved rehabilitering. Du får mellom anna kunnskap om innovative byggemetodar og teknologiar.

Kompetanse og jobbmogelegheiter:

Du får kompetanse i ombrukskartlegging. Du får strategiar for å optimalisere ressursutnytting, avfallsreduksjon og materialgjenvinning, og vil kunne vurdere miljøpåverknaden av ulike byggemetodar og materialar. Kurset gir deg forståing for kost og nytte i vurdering av ombruk.

Denne bransjemodulen er identisk med eitt av emna i studieplanen til studiet Grønn omstilling, ei ny utdanning på 60 studiepoeng. Studentar som har fullført bransjemodulen, får denne godkjent om dei seinare vil studere Grønn omstilling.

Oppbygging og arbeidsmåtar:

Programmet er på 10 studiepoeng, og går over ca 4 månader. Kurset er nettbasert med ei fysisk og to digitale samlingar.

  • Første samling digital i veke 5: ons-tors, 29.-30. januar, kl 0800-1530
  • Andre samling fysisk i veke 12: man-ons, 17.-19. mars, kl 1000-1500, kl 0900-1500 og kl 0900-1400
  • Tredje samling digital i veke 20: ons-tors, 14.-15. mai, kl 0800-1530

     

På den fysiske samlinga er det lagt opp til praktisk arbeid med lab og synfaring, med påfølgande arbeid mellom samlingane.

Undervisninga føregår på dagtid. I tillegg er det lagt opp til rettleiingsøkter på ettermiddag og kveld mellom samlingane.

I undervising og vurdering er det lagt opp til mykje prosjektarbeid, både individuelt og i gruppe.

Opptak:

Du kan søke studieplass dersom du har

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • betongfaget
    • byggdriftarfaget
    • feiarfaget
    • glasfaget
    • isolatørfaget
    • kulde- og varmemontørfaget
    • murarfaget
    • røyrleggjarfaget
    • tak- og membrantekkjarfaget
    • trelastfaget
    • trevare- og bygginnreiingsfaget
    • tømrarfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget
  • realkompetanse
Realkompetanse

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her