Hopp til hovedinnhold

Myndigheitene stiller stadig nye krav til energiøkonomisering i bygg. Med denne utdanninga får du 10 studiepoeng som gjev deg kompetanse som energirådgjevar.

Studiestad: Førde
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 10
Varigheit: 4 månader
Kostnader: Gratis

Neste studiestart: Hausten 2024
Søknadsfrist: 08. september

Søk her!

Om bransjeprogramet

Energirådgjevar er ei kort utdanning på 10 studiepoeng som har hovudtema bygningsfysikk og energiberekning i bygg. Utdanninga gir innsikt i energiflyt og internlastar, og du får innsikt i dei ulike varme- og ventilasjonsprinsippa.

Med denne utdanninga kan du mellom anna utvikle planar for energirehabilitering basert på variablar som klima, geografi og åtferd/bruk.

Kompetanse og jobbmogelegheiter

Kurset gjev deg kompetanse som energirådgjevar og du kan søke om oppføring i Enova sitt rådgjevarregister.

Studiet er identisk med eitt av emna i studieplanen til studiet Grønn omstilling i byggebransjen, ei ny utdanning på 60 studiepoeng. Studentar som har fullført bransjemodulen, får denne godkjent om dei seinare vil studere Grønn omstilling i byggebransjen.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Programmet er på 10 studiepoeng, og går over ca. 4 månader. Kurset er nettbasert med ei fysisk og to digitale samlingar.

  • Første samling digital i veke 39: ons-tors, 25.-26. september, kl 0800-1530
  • Andre samling fysisk i veke 48: tirs-tors, 26.-28.november, kl 1000-1500, kl 0900-1500 og kl 0900-1400
  • Tredje samling digital i veke 3: ons-tors, 15.-16. januar, kl 0800-1530

På den fysiske samlinga er det lagt opp til praktisk arbeid med lab, med påfølgande arbeid mellom samlingane.

Undervisninga føregår på dagtid. I tillegg er det lagt opp til rettleiingsøkter på ettermiddag og kveld mellom samlingane.

I undervising og vurdering er det lagt opp til mykje prosjektarbeid, både individuelt og i gruppe.

Opptak:

Du kan søke studieplass dersom du har

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • betongfaget
    • byggdriftarfaget
    • feiarfaget
    • glasfaget
    • isolatørfaget
    • kulde- og varmemontørfaget
    • murarfaget
    • røyrleggjarfaget
    • tak- og membrantekkjarfaget
    • trelastfaget
    • trevare- og bygginnreiingsfaget
    • tømrarfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget
  • realkompetanse
Realkompetanse

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her