Hopp til hovedinnhold

Brenn du for nyvinningar som robotteknologi og digital produksjon? Ynskjer du å lære korleis sensorar og robotar fungerer i industrien? Då er dette kurset midt i blinken for deg. Kurset gjev 10 studiepoeng.

Studiestad: Odda
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Varigheit: Eitt semester
Studiepoeng: 10
Kostnader: Gratis

Oppstart: Informasjon kjem. 
Søknadsfrist: Vi legg ut frist så snart vi har avklart kva tid det vert oppstart. 

Har du fundert på korleis sensorar og robotar bidreg til å effektivisere og automatisere produksjonsprosessane i dagens fabrikker? Dette vil du få innsikt i gjennom dette kurset. Du lærer om dei ulike robot-teknologiane og korleis ein tilpassar desse til ulike oppgåver og miljø. Du vil og få eit innblikk i korleis robotane kommuniserer med sensorar og andre einingar i eit integrert system. Du vil få forståinga for korleis data frå desse ulike systema kan nyttast, og analyserast. Undervisninga vil og gje praktisk erfaring i å nytte digitale modeller for å programmere, og styre robotar på ein enkel måte.

Utdanninga er innom tema som industriell sikkerhet, digitale produksjonsmaskiner med robotikk, skytenester, sensorteknologi og maskinsyn. 

Læringsutbyte

Etter gjennomført kurs skal du ha ha tileigna deg kunnskap om ulike typer robotar og funksjonar innan industriell produksjon. Du skal ha skaffa deg kjennskap til begrep innan fagfeltet, og kunnskap om samspillet mellom einingane i ei digital produksjonslinje. Du vil ha fått  kjennskap til måleteknikkar og målemetoder innan mekanisk industri, og ha fått kunnskap om sensorteknologi som nyttast i digitalproduksjon. Du vil ha skaffa deg viten om grunnprinsippa for digital sikkerheit i industri, og kjenne til skytenester som nyttast i industriell smanheng. 

Etter endt kurs skal du:

  • Ha kunnskap om ulike typer roboter og deira funksjonar innan industriell produksjon
  • Kjenne til begrep innan robotikk
  • Ha kunnskap om samspill mellom enhetene i ei digital produksjonslinje
  • Ha kunnskap om måleteknikkar og målemetoder innan mekanisk industri
  • Ha kunnskap om sensorteknologi og maskin syn brukt i digitalproduksjon
  • Ha kunnskap om grunnprinsippa for digital sikkerhet innan industrien
  • Ha kjennskap til bruksområder for kunstig intelligens

Undervisning

Kurset følger ein studieplan, og undervisninga baserer seg i stor grad på digitale ressurssider, lærebøker. forelseninger, og arbeid med oppgåver. Vi nyttar oss av videoer i undervisninga om relevant, og de skal gjennomføre labøvingar. Noko av læremateriellet er på engelsk. Undervisninga vil skje båe fysisk og digitalt på samlinger. Det vert sett opp ei fysisk samling med laboratorieøvelsar. 

Arbeidskrav:

Det er to obligatoriske innleveringer på dette kurset, og ein prosjekteksamen. I tillegg skal de gjennomføre oppgåver og øvingar knytt til undervisninga. Det er oppmøtekrav på minimum 80% på dette kurset.

Vurderingsformer:

Obligatoriske innleveringar får "godkjend" eller "ikkje godkjend". Innleveringane må være godkjende før ein får gå opp til eksamen. Prosjekteksamen blir vurdert med karakter. 

Litteratur

Forelesningsnotatar og pensumlitteratur vert tilgjengeleg på It`s learning. 

Undervisningsressursar/programvare:

  • It`s learning
  • LX Learning Experience frå Festo
  • RT-VisualBox
  • RobotinoView
  • Robotino Sim
  • Anaconda (Python)
  • In-sight Explorer (Cognex)

Du kan søke opptak på grunnlag av:

1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

  • Aluminiumskonstruksjonsfaget  
  • Anleggsmaskinmekanikerfaget  
  • Automatiseringsfaget  
  • CNC-maskineringsfaget  
  • Dataelektronikerfaget
  • Dimensjonskontrollfaget  
  • Elektrikerfaget
  • Elektroreparatørfaget
  • Energimontørfaget
  • Energioperatørfaget
  • Finmekanikerfaget  
  • Grafisk produksjonsteknikk  
  • Heismontørfaget
  • Industriell matproduksjon  
  • Industriell overflatebehandling  
  • Industrimekanikerfaget  
  • Industrimontørfaget  
  • Industrioppmålingsfaget 
  • Industrisnekkerfaget  
  • Industrisømfaget  
  • Industritekstilfaget trikotasje  
  • Industritekstilfaget veving  
  • Modellbyggerfaget  
  • Motormekanikerfaget  
  • NDT-kontrollørfaget  
  • Plastmekanikerfaget  
  • Platearbeiderfaget  
  • Polymerkomposittfaget 
  • Produksjonselektronikerfaget
  • Produksjonsteknikkfaget  
  • Serigrafifaget  
  • Signalmontørfaget   
  • Støperifaget  
  • Sveisefaget  
  • Tavlemontørfaget
  • Telekommunikasjonsmontørfaget   
  • Trykkerfaget  
  • Verktøymakerfaget  
  • Viklerfaget

 

2: Realkompetanse

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Arbeidserfaring innan relevant fagfelt.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)