Korleis få ein organisasjon til å lære, utvikle og skape noko nytt? Det er tema for vårt nye studium «Min arbeidsplass». Studiet er særleg tilpassa verksemder som driv med logistikk.
Studiestad: gjennomføringa vil vere ein kombinasjon av digital undervisning, og fysisk undervisning i Florø.
Studiepoeng: 10
Leiing, utvikling, samspel og tryggleik er overskriftene for studiet Min arbeidsplass. Studiet er eit samarbeid mellom Fjordbase AS og Fagskulen Vestland, og inngår som ein del av Fjordbase AS si kompetanseutvikling.
Studiet har fire emne:
- Endrings- og sjølvleiing
- Prosjektleiing og prosjektplanlegging
- Helse, miljø og tryggleik (HMT)
- Marknadsføring og kundehandsaming
OBS: denne bransjemodulen er berre tilgjengeleg for tilsette ved Fjordbase AS.
Har du ynskje om eit liknande kurs for di bedrift? Kontakt oss gjerne for ein prat om kva for mulegheiter vi har.
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
- anleggsrørleggerfaget
- automatiseringsfaget
- bokbinderfaget
- boreopratørfaget
- brønnfaget, elektrisk kabeloperasjoner
- brønnfaget, havbunnsinstallasjoner
- brønnfaget, kveilerøroperasjoner
- brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner
- brønnfaget, sementering
- gjørlarfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjoner
- matrosfaget
- røyrleggerfaget
- smedfaget
- ventailasjon- og blekkslagarfaget
- gjenvinningsfaget
- grafisk produksjonsteknikk
- industrisømfaget
- industrisnekkerfaget
- kjemiprosessfaget
- laboratoriefaget
- modellbyggjarfaget
- truck- og liftmekanikerfagbrev
- logistikkfaget
- aluminiumskonstruksjonsfagbrevet
- anleggsmaskinmekanikerfagbrevet
- bilfag, lett kjøretøy
- bilfag, tungt kjøretøy
- billakkerarfaget
- bilskadefaget
- chassispåbyggjarfaget
- CNC-maskineringsfaget
- dimensjonsjonskontollfaget
- finmekanikarfaget
- hjulutrustningsfaget
- industriell overflatebehandling
- industrimekanikerfaget
- industrimontørfaget
- industrioppmålingsfaget
- industrirøyleggjarfaget
- komposittbåtbyggjarfaget
- kran og – løfteoprasjonsfaget
- landbruksmaskinmekanikerfaget
- låsesmedfaget
- maritim innredning
- motormannfaget
- motormekanikerfaget
- motorsykkelfaget
- NDT-kontrollørfaget
- plastmekanikerfaget
- platearbeiderfaget
- polymerkomposittfaget
- produksjonsteknikkfaget
- reservedelsfaget
- støyperifaget
- sveiserfaget
- termoplastfaget
- verktøymakarfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Mål for utdanninga
- Utvikle og bevisstgjere fagarbeidarar som energiforvaltarar.
- Skape grunnlag for felles omgrepsforståing og kommunikasjon omkring energi og miljø.
- Skape haldningar kring miljø og skape ein miljøprofil.
- Utvikle Fjordbase til ein lærande organisasjon.
- Personaleg sjølvutvikling og evne til å ta eigne initiativ.
- Kompetanseutvikling bør bli like sentralt som helse, miljø og tryggleik (HMT) i bedriftene.
Les meir om læringsutbyte i studieplanen.
Undervisning
Kvart av dei fire emna har 8 timar undervisning, 10 timar rettleiing og 46 timar sjølvstudium. Gjennomføringa vil vere ein kombinasjon av digital undervisning, og fysisk undervisning i Florø.
Studentarbeidet vil i hovudsak bli bygd opp omkring to hovudaktivitetar
- Læringsnotat
- Eit case som dekker heile studiet
Arbeidskrav
Arbeidskrav ved Fagskulen Vestland er rekna som ein serie av obligatoriske krav om arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Arbeidskrav i dette studiet er å levere læringsnotat etter kvar undervisningsøkt.
Vurdering
Vurderingsformene har samanheng med læringsutbytte, innhald, undervisningsformene og arbeidsformene i utdanninga. Det er den heilskaplege kompetansen som vert lagt til grunn når studentane sin kompetanse skal vurderast.
I dette studiet vil det bli ein heilheitsvurdering av fire læringsnotat og eit hovudcase for studiet.
Karakterane er bestått og ikkje bestått.
Sluttdokumentasjon
Studentane som fullfører og består utdanninga får eit vitnemål som dokumentasjon. På vitnemålet står utdanning, eventuell fordjuping og tittel på case. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga.
Ved ikkje bestått vil studenten få skrive ut eit kompetansebevis som dokumentasjon på kva for einskildemne som er gjennomgått.