Fagskulen Vestland tilbyr aktuelle bransjemodular og korte utdanningar for industrien utvikla i tett samarbeid med industri og næringslivet i Vestland. Ved gjennomført og bestått kurs kan du vise til spissa kompetanse innan det aktuelle fagfeltet.
Industrifagskulen er eit tilbod som har kome til via bransjeprogrammet for industri og bygg. Bransjeprogrammet skal syte for å øke kompetanseutviklinga, og er etter initiativ frå regjeringa. Du kan lese meir om dette på norsk industri sine nettsider.
Dei fleste av desse kursa og bransjemodulane gjev studiepoeng når ein har gjennomført og bestått. Industrifagskulen er eit gratis tilbod, og dei fleste av kursa foregår på nett for fleksibel gjennomføring.
Tilgjengelige kurs
Plast og kompositt
Dette kurset passar for deg som ynskjer auka kompetanse om desse lettvektsmateriala. Du vil få ei innføring i blant anna; råvarer, bruksområder, brukseigenskaper og grunnleggande produksjonsprosessar.
Studiepoeng: 10.
Oppstart: 11. oktober.
Studiestad: Førde
Undervisninga foregår på Teams på ettermiddag/kveld.
Meir informasjon: - Kursinfo.
Påmeldinga er no stengt. Vi vurderer ny runde med kurs dersom vi får nok interesse. Ta gjerne kontakt med oss om du/di bedrift er interessert.
Arbeidsplassen min
Dette kurset er særleg tilpassa verksemder som driv med logistikk. Tema som belysast i kurset er leiing, utvkling, samspel og tryggleik. Kurset er sett opp i samarbeid med Fjordbase AS og inngår som ein del av Fjordbase AS si kompetanseutvikling.
Studiepoeng: 10
Oppstart: 26.09.23
Studiestad: Florø (gjennomførast med ein kombinasjon av fysiske samlingar i Florø og digital undervisning).
Meir informasjon: Kursinfo.
Påmeldinga er no stengt. Vi køyrer denne typen kurs på forespørsel i samarbeid med bedrifter dersom vi får nok interesse. Ta gjerne kontakt med oss om di bedrift er interessert.
Digitalt opplæringstilbod for langtidssjukemelde
Meir informasjon om opplæringstilbodet kan du lese her.
Opptakskrav:
Opptakskrava er like for bransjemodular som for heile studium. Ein kvalifiserer til opptak dersom ein har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev, eller ein kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse.