Alle skal kunne oppleve meistring og leve meiningsfulle liv, uansett funksjonsnivå eller sjukdom. Rehabilitering og velferdsteknologi blir stadig viktigare for å hjelpe folk til å meistre kvardagen sin.
Studiet har ikkje opptak i 2024.
Utdanningsform: Nettbasert, deltid
Studiepoeng: 60
Varigheit: 2 år
Kostnader: Semesteravgift på 690 kroner per semester.
Kjerna i utdanninga handlar om korleis ein best kan hjelpe folk med å oppnå best mogleg funksjonsevne, meistringsevne, sjølvstende og deltaking i samfunnet.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Høgare yrkesfagleg utdanning i rehabilitering og velferdsteknologi skal bidra til å styrke kompetansen i møte med brukarar som har behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering. Vi utdannar reflekterte og initiativrike yrkesutøvarar med høg yrkesetisk forståing. Med denne utdanninga skal du kunne kartlegge, planlegge, iverksette og evaluere tiltak i samarbeid med brukarane, deira pårørande, frivillige, medarbeidarar og andre yrkesgrupper.
Utdanninga kvalifiserer mellom anna for arbeid innan kommunal helse- og omsorgsteneste, som til dømes bu- og omsorgssenter, rehabiliteringssenter og aktivitetssenter. Kultur- og oppvekstsektoren som til dømes ungdomsklubbar, barnehagar, skular og skolefritidsordningar arbeids- og velferdsforvaltninga med til dømes oppfølging av arbeidstrenings- og attføringstiltak spesialisthelsetenesta i til dømes tverrfaglege team og i behandlingsinstitusjonar som miljøarbeidarar.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er på 60 studiepoeng, som svarar til eitt år på heiltid. Studiet er nettbasert over to år. Det blir undervisning på nett 1 dag pr veke. I tillegg er det nettstøtta opplæring (ein vil da til saman måtte medrekne ca 20 timar i veka til skulearbeid). Siste halvår, avsluttar utdanninga med 240 timar relevant praksis fordelt på 9 veker og ei fordjupingsoppgåve. Oppstart medio september.
Du kan studere på følgjande måter:
• Frå pc
• Utdanningshubar i din eigen kommune. Ein utdanningshub er eit fysisk læringsmiljø i eit lokalsamfunn der læringsressursar blir tilført digitalt frå Fagskulen Vestland.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har enten
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
- helsefagarbeidar/helsearbeidarfaget
- omsorgsarbeidar
- barne- og ungdomsarbeidarfaget
- aktivitør
- eller vitnemål som hjelpepleiar.
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her