Hopp til hovedinnhold

Hos oss får du verktøy og kompetanse som gjer deg tryggare i arbeidet ditt. Vi jobbar saman for analysere situasjonar som du og andre studentar har opplevd, og for å finne gode måtar å gje personsentrert omsorg.

Studiestad: Nordnes (sjå informasjon om oppmøte og samlingar nedanfor)
Utdanningsform: 
Nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 
30
Varigheit: 2 år
Studieplan: Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre

Neste studiestart: 18. september 2024
Søknadsfrist: Denne utdanninga har ledige studieplassar du kan søke på no.

SØK HER!

Ledige studieplassar 2024: Denne utdanninga har ledige studieplassar. Desse kan søkast på via samordnaopptak frå 31. mai. Du kan melde interesse for studieplassane allereie no ved å fylle ut skjemaet under:

Meld interesse ved å fylle ut dette skjemaet

Samlingar på din næraste studiestad

Frå skuleåret 2024/2025 innfører vi ei ny ordning der du kan følge samlingane digitalt frå din næraste studiestad, med vilkår om nok søkarar som vil samlast på denne studiestaden. Vi har studiestadar i Bergen, Førde, Måløy, Stord, Austevoll, Voss og Hjeltnes.

OBS: I Samordna opptak står det at studiestaden er Nordnes.

Det blir stadig fleire eldre i Norge. Mange vil få demens eller psykiske lidingar. I 2030 er det venta at heile 2,48 prosent av innbyggarane i Norge vil ha demens. I dette studiet tileignar du deg kunnskap og verktøy for å legge til rette for god livskvalitet for enkeltmenneske med ei rekke ulike behov og føresetnader.

Hos nokre menneske med demens kan vi også sjå periodar med utfordrande åtferd. Og som omsorgsgivar kan du bli utsett for vald truslar og krenkingar. Det same gjeld arbeidet med eldre med pysikske problem og lidingar, og som ikkje vil samarbeide.

Dette studiet ser på årsakene til kvifor det blir slik, og korleis vi kan førebygge, møte og handtere utfordringane.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Her får du verktøy og kompetanse som gjer deg trygg i jobben, og som hjelper deg å gje god personsentrert omsorg samtidig som du tar vare på deg sjølv, kollegaer og pårørande.

Kompetansen er nyttig på alle nivå i helsetenesta og vil gje moglegheiter for nye ansvarsområde og arbeidsoppgåver.

I praksisdelen handlar det om å ta med seg det ein har lært og ta det i bruk på ein arbeidsplass. Kunnskap om korleis ein tar i bruk nye arbeidsmetodar og utviklar eigenpraksis er ein viktig kompetanse i arbeidslivet.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet gir 30 studiepoeng og er nettbasert med samlingar over to år. 

Studiet er praksisnært og tar utgangspunkt i studentane sine erfaringar. Konkrete situasjonar og opplevingar blir utgangspunkt for korleis vi jobbar med og forstår teori. Det er derfor stilt krav om noko arbeidserfaring innan feltet.

Det er fem modular, der éin av dei er praksis:

  • Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse
  • Demens, pyskiske lidingar og plager hos eldre
  • Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling
  • Implementering av målretta miljøbehandling på eigen arbeidsplass (praksis)
  • Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse

Studentar kan ha praksis på eigen arbeidsplass dersom arbeidsplassen er relevant. Dette blir vurdert av fagskulen. Studentar som ikkje har ein relevant praksisplass vil få tildelt praksisplass av fagskulen.

Nettundervisninga er i hovudsak lagt opp slik at studenten kan arbeide med lærestoffet slik det passar den enkelte. Studiet let seg kombinere med å vere i arbeid.

Politiattest og skikkavurdering

Alle helsefaglege utdanningar ved Fagskulen Vestland krev politiattest, jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §27. Politiattesten skal visast fram ved studiestart. Vi ber om at de ikkje sender inn politiattestar på epost, då dette kjem i konflikt med gjeldande lov om personvern. 

Skulen gjennomfører skikketheitsvurderingar jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §26.

Opptak

Dette studiet har krav om arbeidserfaring i tillegg til fagbrev. Du må ha minimum eitt års erfaring frå stilling i 50 % frå arbeidsfeltet demensomsorg eller psykisk helsearbeid til eldre.

Du kan søke studieplass dersom du fyller kravet om arbeidserfaring og har

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
    • helsearbeidarfaget
Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.

Helsefagleg utdanning med autorisasjon (sjukepleiar/vernepleiar) er utdanningar som vil fylle kravet om realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Last ned skjema for eigenvurdering her.Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her