Hopp til hovedinnhold
Nærbilde av ein ost

Fagskulen Vestland har starta studietilbod i Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim.

Studiet har ikkje opptak i 2024.

Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år. Fagskulen Vestland er ansvarleg institusjon, men studiestader vil vera SJH i Aurland og THYF i Trondheim.

Målgruppe for utdanninga

  •  Dei som driv eller er tilsette på handverksysteri/gardsysteri
  •  Dei som ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre
  •  Produksjonsmedarbeidarar i meieriindustrien

Dei som fullfører utdanninga, får ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.

Praktisk informasjon om utdanninga

Utdanninga i Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling er på 60 studiepoeng. Årsstudiet går på deltid over to år og er nett- og samlingsbasert. Studiestader vil vera SJH i Aurland og THYF i Trondheim. Det blir i alt ni samlingar gjennom dei to åra, der kvar samling er på fire til fem dagar. I tillegg kjem eksamen.

Mjølkeforedling i praksis og teori er det sentrale innhaldet i undervisninga. Gjennom studiet vekslast det mellom forelesingar, arbeidsoppgåver individuelt og i grupper, utferder til mjølkeforedlingsverksemder, presentasjonar og rettleiing. Ysteriet ved SJH er nyleg oppgradert til eit romsleg og moderne produksjons- og undervisningslokale.

Du kan søkje studieplass på grunnlag av: 

Fagbrev:
• Ernæringskokk
• Ferskvarehandlar
• Gartnar
• Industriell matproduksjon
• Kokk
• Servitør
• Sjømatproduksjon


Sveinebrev:
• Baker
• Kjøttskjærer
• Konditor
• Pølsemakar
• Slaktar

Yrkeskompetanse: Agronom
• Naturbruk (studieforberedande) med vg2 landbruk og gartnar.

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan første semester.

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Detsom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.

Alle foto: Osteglad