Hopp til hovedinnhold

Stadig fleire lagar – og kjøper – norsk sider. Sidernæringa har stort behov for fagfolk som kan jobbe med skildring, klassifisering og bruk av sider. Bli siderens versjon av sommelier: pommelier.

Studiestad: Hjeltnes
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 30
Varigheit: Eitt år på deltid
Kostnader: Studieavgift på 3000 kroner per semester og semesteravgift på 690 kroner per semester

Neste studietart: Januar 2025
Søknadsfrist: 1. desember

Søk her

Som pommelier-studentar må vi lære å smake. Sensorikk, altså korleis ein skal lukte og smake på sider for å beskrive luktene og smakane korrekt ut frå stil, metode og kvalitet, er derfor hovuddelen av studiet.

På pommelier-studiet vil du få lære kva sider er, og sideren si historie og kultur både nasjonalt og globalt. Sidertypar, siderstilar, siderkultur og ulike klassifiseringssystem for sider er noko av det vi skal innom. I tillegg vil du få kunnskap om eplesortane, dyrkingsmetodane og korleis natur og landskap set smak på produkta (terroir). Vi ser også på korleis gjæring og prosessmetodar er avgjerande for kvaliteten og eigenskapane til det ferdige produktet.

For pommelieren vil sider i kombinasjon med mat vere eitt av kjerneområda. Mot slutten av studiet vild et derfor bli fokusert på paring av mat med sider. Sjølve måltidsopplevinga har ei si sentral rolle, der pommelieren må kunne reflektere rundt vertskap og formidling til gjester.

Utdanninga vil ha i seg relevante tema som er viktig i yrkessamanheng, slik som verdiskaping. Under dette kjem tema som fagrelevant økonomistyring og marknad, samt relevant lovverk for yrkesutøvinga.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Etter gjennomført studie skal studentane kunne gruppere og skildre ulike typar sider, samt kunne pare sider og mat.

Kompetansen er eigna for bruk i serveringsbransjen og til å gjennomføre sidersmakingar og som smaksdommar ved siderdømmingar. Kompetansen er også aktuell for tilsette innan siderproduksjon, vinmonopolet og tilsvarande.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Utdanninga er på 30 studiepoeng, noko som svarar til eit halvt år på fulltid. Studiet vårt går over eitt år på deltid og er nettbasert med samlingar.

Det blir seks samlingar som kvar går over tre dagar, i tillegg blir det nettundervisning på måndagar mellom samlingane. Samlingane blir stort sett måndag – onsdag, eller tysdag – torsdag, og vil innehalde praktiske smakingar, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.

Samlingsvekene blir 4, 11 og 22 for vårsemesteret og 36, 42 og 47 for haustsemesteret.

Det blir undervist i tre emne og kvart emne består av 10 studiepoeng. Pomologi og produksjon har undervisning i både første og andre semester. Pommelieren 1 har undervisning første semester, medan Pommelieren 2 har undervisning i andre semester.

Det er avsluttande eksamen etter siste samling for kvart av emna.

Les meir i studieplanen

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
    • Restaurant- og matfag (kokk, institusjonskokk, servitør)
    • Sal, service og reiseliv (reiselivsmedarbedar, salsmedarbeidar)
    • Naturbruk (agronom, gartnar)

 

  • Generell studiekompetanse

 

  • Realkompetanse. Søkjar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
    Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring, deltaking i organisasjonar mm. For meir informasjon sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, ved å følge denne lenka.

 

Dersom du søkjer med realkompetanse skal du laste opp dokumentasjon på relevant arbeidserfaring/praksis. Gyldig dokumentasjon er arbeidsattest/attestar. Attest skal innehalde stillingstittel, kor lenge arbeidsforholdet varte og ei beskriving av kva for arbeidsoppgåver/ansvarsområder du har hatt.  Om du har relevante kursbevis kan du legge dette til og laste opp. 

Skjermbilder vert ikkje godkjend som dokumentasjon. 

 Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her