Hopp til hovedinnhold

Kva kan vi få til saman?

«Hos oss får du kompetansen arbeidslivet har bruk for.» Dette er Fagskulen Vestland sitt løfte til studentane. For å få til dette jobbar vi tett med arbeidslivet for å utvikle utdanningane våre.

I tillegg til dei lengre tradisjonelle fagskuleutdanningane, utviklar Fagskulen Vestland korte utdanningar som skal svare på heilt konkrete kompetansebehov hos arbeidslivet.

Fleksibelt og gratis

Fagskulen Vestland har lang erfaring med å utvikle utdanningar i samarbeid med bedrifter og andre samarbeidspartnarar.

Staten har fleire ordningar som finansierer kompetanseheving, slik som Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling og Industrifagskulen.

Gjennom desse programma kan vi utvikle og tilby skreddarsydde utdanningar til arbeidslivet, utan studieavgift for deltakarane. Utdanningane er fleksible, ofte nett- og samlingsbaserte, og skal kunne gjennomførast medan studenten går i tilnærma full jobb.

Oversikt: Korte og fleksible utdanningar

Andre samarbeid

For kompetansebehov som fell utanfor tilskotsordningane, kan vi utvikle både utdanningar og uformelle-kurs som blir dekt av bedrifter eller med studieavgift.

Ta kontakt

Fagskulen Vestland si avdeling for etter- og vidareutdanning vil gjerne prate med deg og di bedrift om kva kompetansebehov vi kan løyse saman. Ta kontakt med ein av våre prosjektleiarar:

Vi skal vere ein trygg og god partnar for arbeidslivet og samarbeide enda tettare om å utvikle utdanningar som styrkar arbeidskrafta, berekraft og grøn omstilling i regionenFagskulen Vestland sin strategi 2023-2027