Hopp til hovedinnhold

Studiestaden Stord

Oversiktsbilde av eit skipsverft med blå himmel i bakgrunnen

I Leirvik på Stord tilbyr Fagskulen Vestland tekniske utdanningar.

 

Maskinteknikk med ISO-fag  har oppstart i veke 36, måndag 2. september klokka 09:00. 

Robotteknologi og digital produksjon i Industrien har oppstart i veke 34, måndag 19. august klokka 09:00. 

Oppmøte er ved velferdsbygget på Aker Solutions Stord. 

Det vil bli eit sosialt opplegg ein av dei første dagane ved studiestart, detaljar om dette vil de få ved oppstart. 

Utdanningar ved studiestad Stord:

 

Om studiestaden

På Stord står næringslivet sterkt, og særleg skil verkstadindustrien seg ut med sterk sysselsetting.  Skipsbyggings- og oljeretta industri har leia næringsutviklinga. Den maritime sektoren på Stord er framoverlent og i verdstoppen når det gjeld utvikling av grøne, maritime løysingar. Fagskulen samarbeider tett med arbeidslivet slik at det er lett å bli integrert i det lokale og regionale næringslivet. - Det er kort vei til det faglege fellesskapet for studentane på Stord. 

Stord er ein liten by, men det er ein trygg stad å studere, og det er mykje som skjer både for deg som er kulturinteressert eller meir glad i friluftsliv og idrett.  

 

Besøksadresse:

Eldøyane, 5411 Leirvik